Harpefossen Skisenter

Address: Harpefossen, 6770 Nordfjordeid Vis kart

Address: Harpefossen, 6770 Nordfjordeid

Harpefossen Skisenter er lokalisert I Hjelmelandsdalen, 10 km frå Nordfjordeid sentrum. Midt i Nordfjord på Nordvestlandet. Harpefossen er eit av dei største og mest komplette skianlegget i regionen og har ein høydeforskjell på 575 meter frå start 250 moh.

Det er 7 skitrekk og 13 nedfartar i velpreparerte trasear. Harpefossen er velkjent for store og varierte område for laussnøkøyring, og den geografiske plasseringa vår sikrar jamt påfyll av snø gjennom sesongen. Anlegget tilbyr 15 km preparerte trasear for langrenn, og løypenettet går gjennom 5 idylliske fjellsetrer. Det er ein eigen skiskyttararena i tilknyting til langrennsløypene. Flomlys i både alpinanlegg og langrennsløyper gjev eit godt tilbod òg på kveldstid. Vi kan tilby skiinstruktørar for alpin, telemark og snøbrett på førespurnad.

Anlegget ligg langs den gamle postvegen mellom Nordfjord og Sunnmøre.

Om vinteren tek skiheisane deg inn i den fantastiske fjellheimen i grenselandet til Sunnmøre. Frå toppen av skiheisane kan du velje mellom mange nedfartar i ulike vanskegrader, eller du kan ta turen lenger innover i fjellheimen.

Om sommaren er det ei flott oppleving å køyre den gamle postvegen som svingar og buktar seg forbi fleire gamle setermiljø og idylliske fiskevatn. Postvegen munnar ut på E 39 i Bjørkedalen, midt mellom Nordfjordeid og ferjeleiet på Folkestad (ferja til Volda). Harpefossen er eit utmerka utgangspunkt for turar og det er merke av 100 km turstiar i området.

Alpepass – 1 skikort – 9 skianlegg
Med alpepass.no kan du stå på ski i 9 skianlegg; Stryn Skisenter, Harpefossen Skisenter, Strandafjellet Skisenter, Sunnmørsalpane Skiarena Fjellseter, Stordal Alpintsenter Arena Overøye, Ørsta Skisenter, Hornindal Skisenter, Hornindal Skisenter og Volda Skisenter.

Alpepass får du kjøpt som sesongkort som er gyldig på alle desse skisentra, eller du kan kjøpe kort frå 2 til 10 valfrie dagar.

Valfri dag tyder at du ikkje treng å nytte det påfølgjande dag, men når du sjølv ynskjer dette. Det tyder at ein til dømes kan kjøpe 3 dagars Alpepass, bruke dette ein dag på éit av skisentra, kanskje vente nokre dagar eller veker, og bruke dei siste dagane på éit av dei 8 andre anlegga.

Frå 2020 startar Harpefossen med Catskiing!

Vis meir

Om denne aktiviteten

  • Telefon booking
    +47 57 86 25 50
  • Telefonnummer
    +47 901 83 366
  • Kontakt e-post
Hotell

Nordfjord Hotell

Avstand: 6,4 km
Nordfjord Hotell har 54 velutstyrte gjesterom med 110 sengar. Hotellet har restaurant med eit godt kjøkken, bar, moderne møteromsavdeling for inntil 250 personar samt nytt badehus med SPA og treningssenter. Hotellet har heis.

Pris frå 1500 NOK

Per rom/natt
Pris frå 1500 NOK