Address: 6799 Loen
Via Ferrata Loen er ein klatresti rett bak Hotel Alexandra. Klatrestien er sikra med wire heile vegen og tek deg til toppen av Hoven på 1011 moh, med eit fenomenalt utsyn mot Lodalen, Oldedalen, rett ned til Loen, Skåla og fjellheimen mot Jostedalsbreen. På toppen møter du Loen Skylift, som tek deg tilbake til fjordnivå.
Som ein del av ruta kan du krysse Gjølmunnebrua, den lengste i Via Ferrata brua i Europa. Den ligg 750 meter over havet, er 120 meter lang og går over det 160 meter djupe jølet. Turen vil definitivt gje deg sommarfuglar i magen. Det fins 4 ulike ruter, og om du er klar for ei ekte utfordring kan du klatre den nye ekstremruta - den tøffaste via ferrata ruta i Norge.
Loen Active er guideselskapet i Via Ferrata Loen, og losar deg trygt til topps frå mai til oktober. Klatresele og hjelm er inkludert. Erfarne klatrarar kan ta turen på eiga hand. Utstyr kan leigast hos Loen Active.
Ragnarok Extreme
Våren 2019 opna Norges tøffaste via ferrata rute i Loen. Den har vanskegrad F, og med dette har Loen fått ei av dei mest komplette via ferrata anlegga i Europa. Det nye ruta går vest for den klassiske, og er vedvarande bratt heile vegen. Å klatre her krev god styrke og utholdenhet, og dei som skal gå den bør ha klatra grad E tidlegare eller kan handtere klatregrad 6+. Aldersgrense på F-ruta er 14 år, i følge med ein vaksen. Dei som er usikre på om dei meistrar denne ruta kan gå den klassiske ruta, og teste seg i den alternative sløyfa gjennom “Tors hammar” - ei kort sløyfe i kategori E.
Om denne aktiviteten
I nærområdet
-
Sande CampingFeriehus & Leilegheiter1,5 kmSande Camping i Loen byr på overnatting i gode hytter og apartments, frå den ...
-
Sande CampingHytter4 kmPlusCamp Sande Camping byr på overnatting i hytter og apartments,både enkle s...
-
Fjordblikk HytterHytter, Overnatting, Hytter og Leilegheiter, Visit Norway, Listings, Hotels & More, Cottages & Holiday Houses4,5 kmVelkommen til Fjordblikk Hytter. Vi har fire hytter til utleige i rolige omg...
-
Hjelledalen HyttesenterHytter, Cottages & Holiday Houses, Listings, Hotels & More, Overnatting, Hytter og Leilegheiter, Visit Norway16,5 kmVelkomne til Hjelledalen Hyttesenter.