Bremanger Fjordhotel

Address: Granden 4, 6723 Svelgen
Beliggenhet: Bremanger (Sentrum, Fjellområde, Ved fjorden)
vis kart

Hotell | Ønskjer du unike naturopplevingar eller rolege dagar? Med ein stor og flott hotellhage, ligg Bremanger Fjordhotell fint lokalisert ved fjorden i Svelgen. Frå hotellet er det kort avstand til store attraksjonar som Nord-Europas høgste sjøklippe Hornelen og Nord-Europas største helleristningsfelt Vingen.

I ytre del av kommunen har vi flotte strender og kystmiljø, og i fjellheimen bak oss har vi eit særeprega turterreng med gode fiskevatten i det unike fjellområdet som omkrinsar Noregs vestlegaste isbre Ålfotebreen. Vi gler oss til å dele alle dei små og store hemmelegheitene våre med deg og dine.

Bremanger Fjordhotell er det næraste hotellet til den majestetiske Hornelen. Med utgangspunkt i hotellet vårt kan du oppleve alt det flotte regionen vår har å tilby. Få andre stader ligg så nær så mange spektakulære attraksjonar som oss!

Bremanger Fjordhotell har 45 rom fordelt på standard dobbeltrom og familierom/suitar. Våre familierom har ekstra soverom med to senger/barneseng. Vi har òg nokre leilegheiter med eige kjøkken som kan leigast av familiar.

Restauranten vår tilbyr både internasjonale rettar og lokale spesialitetar. Her får du mat basert på lokale råvarer med spennande smakar som matchar den dramatiske naturen som omkrinsar hotellet vårt.

Bar og restaurant er tilknytt eit flott uteområde med paviljongar og hotellhage som vender mot sjøen. I hotellhagen blir det bygd leikeområde for barn med sjørøverskute, og vi har òg planar for framtidig basseng.

Fasilitetar og tenester

Beliggenhet
Fjellområde Sentrum Nærme fjellområde Nærme naturen Ved fjorden Fjellutsikt
Generelle fasilitetar
Gratis Wi-Fi Hårføner Restaurant Badstue Enkeltseng TV Dobbeltseng Gym
Fritidsfasilitetar på området
Fotturar
Spesielle krav
Sprinkelseng tilgjengeleg Barnevenleg
Parkering
Utandørs parkering - Gratis

Kontaktinformasjon

Telefon booking
+47 57 79 65 20

Kundeservice

Vår lokalkunnskap, dine opplevelser.

E-post til booking@nordfjord.no

Bestillingsvilkår


Bestill hos oss

  • Offisiell bookingside for Nordfjord
  • Ingen bookingavgift
  • Sikker betaling
  • Raskt og enkelt

Kundeservice

Vår lokalkunnskap, dine opplevelser.

E-post til booking@nordfjord.no

Bestillingsvilkår

Bestill hos oss

  • Offisiell bookingside for Nordfjord
  • Ingen bookingavgift
  • Sikker betaling
  • Raskt og enkelt
Build: 27.10.2021 13:07:21, Host: ONLINE3CORE20, DB: o3.cbguide-8585.cbischannel-31800.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Accommodation, Action: showdetails