Gloppen Hotell - By Classic Norway Hotels

Address: Sørstrandsvegen 16, 6823 Sandane  vis kart
Beliggenhet:

Hotell | Overnatt i historiske omgjevnader i hjartet av Fjord Norge. Gloppen hotell er eit sveitserstilhotell frå 1866 og ligg fint til i Sandane sentrum. Hotellet har tilsaman 61 rom frå 3 forskjellige århundre.

17 historiske rom der alle er individuelt innreia, 24 noridiske rom i moderne skandinavisk design og standard doble og enkle rom.

Kjem du til Gloppen på ferie? Eller skal du på firmatur, blåtur, utdrikningslag eller slektstreff? Hos Gloppen hotell finn du eit bredt utval av aktivitetar for ein kvar smak, og alltid i kombinasjon med den unike lokalmaten. Ein vel sjølv kva meny ein vil ha til sitt arrangement. Hotellet lagar også gjerne eigne menyar til di gruppe om ein ynskjer det. Den flotte varierte naturen med fjorden som bakteppe, skapar dei perfekte rammer. Hotellet ligg også midt mellom fleire fantastiske severdigheter.

Gloppen hotell har restaurant og bar, stort kurs og selskapsavdeling for 160 personar, samt moglegheit for konferanseopphald. Gloppen er kjent for mat av høg kvalitet, gjennom si satsing på lokal mat og sitt eige produksjonskjøkken: Gloppen Mat og er saman med Gloppen Brygg eit av hotellets tre stolte kjerneprodukt. Produksjonskjøkenet er plassert like bak hotellet, og her mottek vi råvarene frå fantastiske produsentar rundt om i kommunen, dei fleste under 3 km vekke frå hotellet.

Gloppen Hotell er også ein av fire bedrifter i fylket som er med i Norwegian Foodprints, Innovasjon Norge si rangering av dei beste stadane å ete.

Konferanse:
Eit konferanseopphald på Gloppen Hotell gjev noko ekstra. Med ei heimekoselege atmosfære og herlege lokalmat, har du den perfekte ramma for lyse idear og ny inspirasjon. Hotellet tilbyr også ferdig sydde konferansepakkar, med blant anna fokus på lagbygging, lokalmaten eller litt av alt.
Etter å ha vore gjest hos oss på Gloppen hotell skal ein skjønne at det er noko heilt spesielt med lokal mat frå Nordfjord. Hos Gloppen
hotell er maten frå bygda, fersk, rein og utan tilsetningsstoff.

Kontaktinformasjon

Telefon booking
47 57 86 53 33

Kundeservice

Vår lokalkunnskap, dine opplevelser.

Tlf +47 57 87 40 40

E-post til [email protected]

Bestillingsvilkår


Bestill hos oss

  • Offisiell bookingside for Nordfjord
  • Ingen bookingavgift
  • Sikker betaling
  • Raskt og enkelt

Kundeservice

Vår lokalkunnskap, dine opplevelser.

Tlf +47 57 87 40 40

E-post til [email protected]

Bestillingsvilkår

Bestill hos oss

  • Offisiell bookingside for Nordfjord
  • Ingen bookingavgift
  • Sikker betaling
  • Raskt og enkelt
Build: 23.10.2020 15:51:24, Host: online3core19, DB: o3.cbguide-8585.cbischannel-31800.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Accommodation, Action: showdetails