Villcamping i Lodalen

Address: 6789 Lodalen  vis kart
Beliggenhet: Loen

Camping | Lodalen er ein vakker dal som har blitt svært populær siste åra. Med dette følger stor pågang av turistar som ønsker å sjå den flotte dalen i Nordfjord.

Her er alt i frå camparar, fotografar, influencera og lokale som brukar dalen på ulikt vis. På grunn av den store trafikken til dalen er det naudsynt med nokre retningslinjer for deg som turist og besøkande i Lodalen.
Ein ønsker å halde dalen rein og fin, at dei som bur her skal få behalde privatlivet sitt, at bønder sine avlingar på innmark ikkje blir øydelagt og at beitedyr ikkje blir forstyrra.
Camping:
Ynskjer ein å campe i Lodalen finns det ein rekke campingplassar, på ulike stadar i dalen. Mange av desse campingane har gode forhold til telt, medan andre driv å tilrettelegg for fleire teltplassar. På denne måten kan campingplassane tilby fasilitetar som lignar villcamping, og ein unngår camping på uønska områder i dalen. Vi oppfordrar til å først og fremst nytte desse, da det ikkje er alle plassar som egnar seg for villcamping i Lodalen.
Ynskjer ein likevel å få kjensla av villcapming i Lodalen, finn ein brecampen på Bødalseter som er eit område tilrettelagt for telting mot avgift. Det er viktig at dei som campar her held området fint og forlet det slik som ein fann det. Her er det god kapasitet for telt, eit fellesrom ein kan søke ly i , samt nokre plassar innandørs for overnatting. På campen finn ein to toalett og vask. Her er ingen straum, men der er solcellelys. Har du søppel skal det takast med nedatt til Bødalen der ein finn container å hive det i. Ein kan fint drikke vatnet i kranene på campen, eller hente frå elva som renn like ved. Inne på området finn ein benkar og eigne bålplassar, det er viktig å late att grinda til området slik at ikkje beitedyr kjem inn.
Her gjeld første mann til mølla” prinsippet, det er altså ingen booking. Men det kan vere ein fordel for større grupper å gi ein lyd før dei kjem.

Allemannsretten:
I Norge har vi Allemannsretten som gjev deg rett til å ferdast i utmarka, uavhengig av grunneigar. To begrep som ofte omtalast i allemannsretten, er innmark og utmark. Innmark er områder som gardsplassar, hustomte og dyrka mark. Utmark er skog, fjell, myr og kystområder. Så lenge du viser omsyn og tar med deg avfall, sørgjer allemannsretten for at du kan bevege deg fritt i naturen. Grunnregelen er: Ta omsyn til naturen, privat eigendom og andre som ferdast i naturen. Ikkje gjer skade, og forlat naturen slik du sjølv vil finne den. Du kan sette opp telt eller sove under stjernene kor som helst i utmark, så lenge du er minst 150 m frå nærmaste hus eller hytte. Om du skal telte på same plass meir enn 2 netter, er du pliktig til å spørje grunneigar, bortsett frå på høgfjellet eller langt i frå busette områder.

Parkering i Lodalen:
Inn til Lodalen er vegen smal, og det er få plassar det er mulig å passere to kjøretøy samtidig. Difor finst det ein rekke møteplassar/utvidingar i dalen, som ikkje må nyttast til parkering. Når folk parkerar på desse møteplassane skapar det på dagar med mykje trafikk store trafikale problem, og til tider uhell. Dette ynskjer vi å unngå då vi ynskjer at alle som besøker Lodalen skal få ei så god oppleving som mulig.


Kundeservice

Vår lokalkunnskap, dine opplevelser.

Tlf +47 57 87 40 40

E-post til [email protected]

Bestillingsvilkår


Bestill hos oss

  • Offisiell bookingside for Nordfjord
  • Ingen bookingavgift
  • Sikker betaling
  • Raskt og enkelt

Kundeservice

Vår lokalkunnskap, dine opplevelser.

Tlf +47 57 87 40 40

E-post til [email protected]

Bestillingsvilkår

Bestill hos oss

  • Offisiell bookingside for Nordfjord
  • Ingen bookingavgift
  • Sikker betaling
  • Raskt og enkelt
Build: 29.05.2020 01:31:24, Host: online3core17, DB: o3.cbguide-8585.cbischannel-31800.v1 online3data03.db.citybreak.com:8080, Controller: Accommodation, Action: showdetails