Gryta camping

Address: Gryta camping Oldedalsvegen 1272 , 6788 Olden
Beliggenhet: Stryn (Innsjøområde)
vis kart

Camping | Camping i eitt med naturen! Gryta Camping ligg flott til ved Oldevatnet i Oldedalen. Frå teltluka ser du rett på smaragdgrønt vatn, isbrear og frodige fjell. Eventyrleg!

Gryta camping er startpunkt for vandretur til Storesteinen i Gytridalen med utsikt til majestetiske Gytrifossen. Vi gjev deg gjerne turtips til varierte turar i heile Oldedalen.
Briksdalsbreen, Loen Skylift, Olden og Stryn ligg ein kort køyretur frå oss.

Alle våre gjester har tilgang til gratis båt, og fiskekort får du kjøpe i resepsjonen. Å prøve fiskelukka ved elva ein sommarkveld anbefalast!

Campingplassen er stor og romsleg, og våre gjester får velge blant ledige plassar ved ankomst. Hyttene våre er nyoppussa i 2021 og har eigne uteplassar med nydeleg utsikt. Vi har eit enkelt utvalg av basisvarer i kiosken, og serverar nysteikte rundstykker kvar morgon.

Gryta Camping var opprinneleg ein geitegard i mange generasjonar, så geitene har sin naturlege plass hjå oss. Enkelte hevdar at desse geitene pratar all verdas språk, og dei gler seg til å få besøk av nettopp deg.

Booking direkte på mail til [email protected] eller telefon 57 87 59 50. Oppdaterte prisar og info finn du på www.gryta.no Ta gjerne kontakt!

Velkomne til gode feiredagar hjå oss på Gryta camping!

Fasilitetar og tenester

Beliggenhet
Nærme naturen Innsjøområde Fjellutsikt
Spesielle krav
Barnevenleg

Kontaktinformasjon

Telefon booking
+47 57 87 59 50 / 90 99 99 84
Kontakt e-post

Kundeservice

Vår lokalkunnskap, dine opplevelser.

E-post til [email protected]

Bestillingsvilkår


Bestill hos oss

  • Offisiell bookingside for Nordfjord
  • Ingen bookingavgift
  • Sikker betaling
  • Raskt og enkelt

Kundeservice

Vår lokalkunnskap, dine opplevelser.

E-post til [email protected]

Bestillingsvilkår

Bestill hos oss

  • Offisiell bookingside for Nordfjord
  • Ingen bookingavgift
  • Sikker betaling
  • Raskt og enkelt
Build: 14.06.2021 17:38:03, Host: online3core19, DB: o3.cbguide-8585.cbischannel-31800.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Accommodation, Action: showdetails