Steinalderhola | Melkevoll Bretun

Address: Oldedalsvegen 2167, 6792 Briksdalsbre
Beliggenhet: Stryn
vis kart

Alternativ overnatting | Like ved resepsjonen på Melkevoll Bretun ligg ei stor steinur. Under nokre kjempeblokker er det frå naturen si side skapt eit stort rom som etter kvart har fått namnet "Steinalderhola". Vinteren 2001 vart det utført eit omfattande arbeid inne i hola slik at den i dag har over 50 sitjeplassar.

Vi tilbyr servering til grupper. Du kan velje mellom ulike gryterettar med svine- eller viltkjøt. Eller vi kan servere spanande retter frå Norsk Gardsmat. Vi lovar god stemning rundt eit sprakande bål.

Ein 800 tonn tung stein dannar tak over hola. To andre store steinar utgjer det meste av veggane inne. Mellom dei store steinane er det mura veggar og trapper etter kopi frå ein steinalderbustad. I midten er det stor bålplass.

Under arbeidet inne i hola kom det for dagen ein del trerestar. Etter samråd med professor Atle Nesje, Universitetet i Bergen, vart ei prøve send til analyse ved eit laboratorium i USA. Det viste seg at treet var 5.940 år gammalt! Dette fortel oss at den store steinurda raste ut for omlag 6.000 år sidan. Tre og busker som vaks i fjellsida, vart rivne med i raset og har lege tørt i Steinalderhola sidan.

Vi ynskjer deg velkomen til å nyte "steinalderlivet".

For ein rimeleg pris kan du også overnatte i hola. Her er omlag 25 overnattingsplassar.

Kontaktinformasjon

Telefon booking
+47 41662883
Kontakt e-post

Kundeservice

Vår lokalkunnskap, dine opplevelser.

E-post til booking@nordfjord.no

Bestillingsvilkår


Bestill hos oss

  • Offisiell bookingside for Nordfjord
  • Ingen bookingavgift
  • Sikker betaling
  • Raskt og enkelt

Kundeservice

Vår lokalkunnskap, dine opplevelser.

E-post til booking@nordfjord.no

Bestillingsvilkår

Bestill hos oss

  • Offisiell bookingside for Nordfjord
  • Ingen bookingavgift
  • Sikker betaling
  • Raskt og enkelt
Build: 01.12.2021 15:41:21, Host: online3core19, DB: o3.cbguide-8585.cbischannel-31800.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Accommodation, Action: showdetails