Melkevoll Bretun Camping

Address: Oldedalsvegen 2167, 6792 Oldedalen
Beliggenhet: Stryn (Fjellområde, Nærme elv)
vis kart

Camping | Melkevoll Bretun Camping ligg idyllisk til mellom fossefall, isbreer og høge fjell. Vi er å finne inst i Oldedalen i Stryn, like ved Briksdalsbreen. Her kan ein nyte utsikt til store fossefall, fjell og brearmar, og frå dei store hyttene har ein utsyn over Oldevatnet. Melkevoll Bretun er å finne midt i levande og vakker natur!

Campingareala er delt inn i terrassar for telt, bobil og dagsparkering, der ein kan finne sitt private område mellom steinar og tre. Vi har også utleige av høgstandard ferie- og campinghytter i ulike storleikar. Feriehyttene har peis, stor terasse og er romslege med fullt utstyrt kjøken, fleire soverom og nyrenverte moderne bad. Her er utsikt mot Oldevatnet og brearmar. Campinghyttene er også nyrenoverte, med kjøkken, terrasse, moderne bad og ein kosleg atmosfære. På Melkevoll Gard like ved Bretunet, kan du leige eit heilt hus, med stor terrasse med utsikt mot bre og fossefall.

Melkevoll Bretun er startpunkt for turen til Briksdalsbreen, samt mange andre flotte fjellturar. Vi har dagsparkering for dei som vil gå dagstur i Briksdalen eller Oldeskaret. I tillegg er Bretunet omringa av flotte fjell og er utgongspunkt for både enkle og meir bratte fjellturar. Spesielt populær er turen til Oldeskaret og familieturen til Brenndalen. Ellers er den luftige toppen Kattanakken eit alternativ for dei fjellvande. Det er spesielt herlig med badstu og isbad etter ein aktiv turdag!

Her er er mogelegheiter for ein aktiv ferie for både liten og stor, - vi kan garantere mange flotte naturopplevingar!

I pakt med naturen
Melkevoll Bretun er bygd i pakt med naturen. Ein finn små og store terassar for telt og bobil, der ein kan få sitt private område mellom stein og tre. Mange gjev tilbakemeldingar at måten Bretunet er bygd på og utforma er ei oppleving i seg sjølv! Det ligg mykje kreativt arbeid bak vegane i steinura, utsiktspunktet, og ikkje minst Steinalderhola som ein finn midt i ura. På campingplassen er også Utelada, - inspirert av gammal byggestil for utelader, med store matbord, kjøkken og grillplassar. Her kan ein nyte eit godt måltid omkring bålet i grua.
Resepsjonen er open dagleg gjennom hovedsesongen, og har ein liten butikk og kafe med utsikt mot elv og bre. Her serverer vi kaffe, kaker og vafler mellom anna, og har varme brød og rundstykker klar for dei som ynskjer på morgenen.

Fjellturar
Melkevoll Bretun er utgongspunt for mange flotte fjellturar. Her finn ein turar for dei mest fjellvande, og også lettare turar for dei som ynskjer det, eller dei som ynskjer å gå med heile familien. Av dei familievennlege turane anbefaler vi Sætremarka like ved campingen, Briksdalbreen og Brenndalsbreen.

Med startpunkt frå Melkevoll kan ein gå til Oldeskaret og Kattanakken. Frå Oldeskaret kan ein gå vidare til Blåfjellet, eller heilt over til Stardalen dersom ein har nokon å hente seg på andre sida.

Ellers har Oldedalen mange flotte sætre og fjellturar nært unna, meir informasjon er å finne på vår heimeside, eller kontakt resepsjonen når du er her for meir info.

Natursti, buldring, klatring og yogaklassar
På Melkevoll Bretun har vi mange ulike aktivitetar; Her er eit stort buldrefelt for klatrarar, samt fleire yogaklassar i veka gjennom hovedsesongen, i den vakre Blåfjellshallen. På kveldstid er saunaen varm for alle våre gjester, og kanskje fristar det med eit dupp i kulpen med brevatn utanfor?

Omkring Bretunet finn ein ein kultur og natursti på fine stiar og vegar, med utsiktgspunkt mot både Oldevatnet og Briksdalsbreen. Med Melkevoll Bretun som base kan ein også oppleve mange spennande utflukter.
Les meir om buldring her: Buldring


Steinalderhola – overnatting og servering
Midt i Ura på Bretunet finn ein ei steingrotte vi kallar Steinalderhola. Her kan ein overnatte med reinskinn og bål. Mange leiger også hola til teambuildingsturer, bursdagsfeiringer og anna; då gjerne med catering eller anna mat.
Les meir om Steinhola her Steinalderholda

Blåfjellshallen – yoga og retreat
Melkevoll Bretun er også base for Blåfjellshallen og Blue Mountain Yoga. Her er det yogaklasser fleire gongar i veka gjennom hovedsesongen, samt ope rom for dei som ynskjer å praktisere yoga sjølv på morgonen. Ein kan altså ha sitt eige retreat i naturen, eller delta på eit av dei arrangerte samlingane med yoga, sunn mat og erfarne instruktørar.
Blåfjellshallen er i tillegg til kursverksemd, brukt som lokale for ulike typar feiringar, korsamlingar, konsertar og anna.

Blåfjellshallen har ei spesiell utforming, bygd opp etter ein stor stein i ura, med glastak med utsikt mot Vollfossen og isbrear.

www.bluemountainyoga.no
Les meir om Blåfjellshallen her: Blåfjellshallen


Utflukter i området
I tillegg til turer til Briksdalsbreen og Brenndalsbreen, og andre nærliggande fjellturer, så er Bretunet for mange base for fleire utflukter. I Oldedalen kan ein nyte god tradisjons mat på Aabrekk gard, gjerne etter ein tur til Brenndalsbreen. I tillegg er det få minutt unna Oldevatnet, og kafe og kanomoglegheiter på Yri.

Frå Melkevoll Bretun er det 20 minutt å køyre til Olden, 25 minutt til Loen og Loen Skylift – litt meir til Lodalen og startpunktet til Skålatårnet. Vi er å finne 40 minutt frå Stryn sentrum. Det er også muleg å ta lengre dagsturer til både kysten, Geiranger, Oppstryn, Strynefjellet og anna frå Melkevoll Bretun.

Les meir om Oldeskaret her: Oldeskaret
Les meir om Briksdalsbreen her: Brikdalsbreen

Fasilitetar og tenester

Beliggenhet
Fjellområde Nærme fjellområde Nærme naturen Landleg Fjellutsikt Nærme elv
Generelle fasilitetar
Gratis Wi-Fi Restaurant Badstue
Fritidsfasilitetar på området
Fotturar
Spesielle krav
Barnevenleg

Kontaktinformasjon

Telefon booking
+47 915 19 208
Kontakt e-post

Kundeservice

Vår lokalkunnskap, dine opplevelser.

Tlf +47 57 87 40 40

E-post til [email protected]

Bestillingsvilkår


Bestill hos oss

  • Offisiell bookingside for Nordfjord
  • Ingen bookingavgift
  • Sikker betaling
  • Raskt og enkelt

Kundeservice

Vår lokalkunnskap, dine opplevelser.

Tlf +47 57 87 40 40

E-post til [email protected]

Bestillingsvilkår

Bestill hos oss

  • Offisiell bookingside for Nordfjord
  • Ingen bookingavgift
  • Sikker betaling
  • Raskt og enkelt
Build: 05.05.2021 20:01:38, Host: online3core18, DB: o3.cbguide-8585.cbischannel-31800.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Accommodation, Action: showdetails