Innvik Fjordhotell
Hotell | Hotellet med fjorden i hagen - i hjartet av vakre Vestlands-Norge.
Innvik fjordhotell ligg i Innvik i Stryn kommune, rett ved fjorden. Restauranten ligg på fjordsida med praktfull utsikt, 5 meter frå fjorden. Rett utanfor ligg uteterassen, der du kan nyte ein kopp kaffi eller eit måltid mat. Hotellet legg stor vekt på god, heimelaga tradisjonsmat.
I lavsesongen serverer hotellet a-la-carte, og i hovudsesongen er det middagsbuffet.
Hotellet har eiga badestrand og sandvolleyballbane. Frå hotellet er det korte
avstandar til kjende turistmål som Briksdalsbreen, Loen Skylift og Lodalen. Hotellet er eit greit utgangspunkt for rundturar i Nordfjord og området rundt, som tur til Geiranger, Trollstigen, Vestkapp og Sognefjorden. Mange fine turløyper for fotturar i bygda og i fjellet. Innvik ligg midt i alt som kan opplevast på ein god norgesferie.
Hotellet er sertifisert som Miljøfyrtårn. Hotellet er tilpassa rullestolbrukarar og har heis.
Hotellet tilbyr dagskurs, kurs og konferansar med overnatting for inntil 60 personar.
Koldtbordet har mange ulike salatar, varmmat, dessert, kaker og kaffi, og blir også brukt i lokale samanhengar. Ved Innvik fjordhotell kan du bestille mat til bryllaup, konfirmasjonar, fødselsdagar, firmafestar, julebord og ved andre høve. Du kan ha selskap på huset, eller du kan bestille maten heim til deg.
Hotellet har 26 dobbeltrom (10 av dei kan gjerast om til trippelrom), 7 enkeltrom og 1 familierom. Det er TV og trådlaust WIFI på heile hotellet.
Ladepunkt for el-bil.
Innvik fjordhotell ligg 17 km frå Olden og 23 km frå Loen langs RV60. Ekspresssbussen Bergen-Trondheim som korresponderer med Nordfjordekspressen (Stryn-Oslo), stansar ved hotellet.
Vinterstengt frå 15. des. til 1. mars.
Fasilitetar og tenester
Kontaktinformasjon
I nærområdet
-
Visnes Hotel StrynOvernatting, Hotell og camping, Hotell, Hotels, Visit Norway, Listings, Hotels & More7,4 kmVelkommen til Visnes Hotel i Stryn! Visnes hotel er eit historisk hotel m...
-
Stryn HotelOvernatting, Hotell og camping, Hotell, Visit Norway, Listings, Hotels & More, Hotels7,9 kmStryn Hotel ligger sentralt i Nordfjord, idyllisk ved bredden av Stryneelva. ...
-
Mindresunde CampingOvernatting, Visit Norway, Listings, Hotels & More, Camping, Hotell og camping, Camping17,1 kmMindresunde Camping is situated at RV 15 , 10 km from the center of Stryn, a...
-
Gloppen HotellOvernatting, Hotell og camping, Hotell, Visit Norway, Hotels & More, Hotels22,3 kmOvernatt i historiske omgjevnader og nyt heimelaga og nydeleg mat frå eit pri...
-
Nordfjord HotellHotell, Hotels, Visit Norway, Listings, Hotels & More, Overnatting, Hotell og camping32,8 kmFrom 990 NOKNordfjord Hotell har 54 velutstyrte gjesterom med 110 sengar. Hotellet har re...