Visnes Hotel Stryn

Address: prestestegen 1, 6783 Stryn
Beliggenhet: Stryn (Sentrum, Fjellområde, Landsbyområde, Ved fjorden)
vis kart

Hotell | Velkommen til Visnes Hotel i Stryn!

Visnes hotel er eit historisk hotel med 19 rom, som ligg rett utanfor Stryn sentrum. Her er vi, midt i «smørauge», med mange kjente attraksjonar i nærleiken.
Hotellet er medlem av De historiske Hotel og Spisesteder, og vi legg vekt på personleg service og servering av rein, lokal mat.

Her har vore hotelldrift sidan 1850, og hotellbygningen, som er verna, er eit spanande besøk tilbake i tid, men med dagens komfort.

I 2020 vart også den gamle låven på tunet satt i stand, og her har vi også gjesterom, og lokale for sommar kafé og møter i 1. etasje.

Alle romma her på Visnes Hotel er litt ulike, i nostalgisk stil frå 1920 talet. Mange av romma har også balkong, og alle rom har eigne bad.
Frukost serverast i den staselege spisesalen, og om du vil, kan du smøre matpakke med deg til tur. Det er mange aktivitetar og turar og velje nær oss. Vertskapet hjelper gjerne til med å planlegge dagen for deg og tilpassar etter personlege ynskje og ver.

Hotellet ligg ein kort spasertur frå Stryn sentrum, og til Loen og Olden er det kort veg med bil. Her finn du kjente turmål som Lodalen, Raksætra, Loen Skylift, Kjenndalsbreen, Briksdalsbreen, Skålatårnet, og mange andre turar! Både kortare og lengre turar, vi hjelper deg å planlegge.
For dagsturar med bil, kan vi anbefale å ta turen ut mot kysten, til Selje eller Bremanger. Eller nordover mot Sunnmøre og Geiranger. Her kan du oppleve ein kystnatur som er heilt ulik den vi har inne i fjorden!

Med Visnes Hotel som base, kan du oppleve mykje, og vel tilbake på hotellet på kvelden, kan du nyte eit glas lokal drikke på terrassen, og ein heimelaga middag i restauranten vår.

Velkommen til oss!

Fasilitetar og tenester

Beliggenhet
Fjellområde Sentrum Nærme fjellområde Nærme naturen Landleg Ved fjorden Fjellutsikt Landsbyområde
Generell informasjon
Antal etasjar 3 Antal rom 19 Antal barer 2 Bygd år 1850 Sist renovert 2023 Innsjekk 15.00 Utsjekk 11.00
Generelle fasilitetar
Balkong/terasse Vannkoker/Kaffimaskin Gratis Wi-Fi Hårføner Badekar Restaurant Enkeltseng Dobbeltseng
Fritidsfasilitetar på området
Fotturar
Spesielle krav
Sprinkelseng tilgjengeleg Barnevenleg Allergirom Røykfritt
Parkering
Parkering for buss Utandørs parkering - Gratis

Kontaktinformasjon

Telefon booking
+47 57871087
Kontakt e-post

Kundeservice

Vår lokalkunnskap, dine opplevelser.

E-post til booking@nordfjord.no

Bestillingsvilkår


Bestill hos oss

  • Offisiell bookingside for Nordfjord
  • Ingen bookingavgift
  • Sikker betaling
  • Raskt og enkelt

Kundeservice

Vår lokalkunnskap, dine opplevelser.

E-post til booking@nordfjord.no

Bestillingsvilkår

Bestill hos oss

  • Offisiell bookingside for Nordfjord
  • Ingen bookingavgift
  • Sikker betaling
  • Raskt og enkelt
Build: 11.04.2024 10:22:46, Host: CBONLINEBOTS01, DB: o3.cbguide-8585.cbischannel-31800.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Accommodation, Action: showdetails