Nordfjord Hotell Bryggen

Address: Kaivegen 1, 6770 Nordfjordeid  vis kart
Beliggenhet: Stad (Sentrum, Landsbyområde, Ved fjorden)

Hotell | Nordfjord Hotell - Bryggen er ei underavdeling av Nordfjord Hotell og ligg ved kaia på Nordfjordeid. Dette er ein perfekt utgangspunkt for å besøke kjede attraksjonar i Nordfjord, som Sagastad, Briksdalsbreen, Vestkapp og Geiranger.

Nordfjord hotell er eit sjølvbetjent hotell med ubemanna resepsjon, rom reserverast og betalast for på forhand over internett. Ved inngangen finn du innsjekkingsstasjon der du enkelt programmerar din eigen nøkkel, meir informasjon blir sendt på e-post 48 timar før ankomst.
Hotellet tilbyr lyse og moderne rom med gratis Wi-Fi, der alle rom har eige bad og flatskjerm TV. 300 meter i frå hotellet ligg Nordfjord Hotell, der kan du mot tillegg kan nytte deg av basseng, spa og treningsfasilitetar, her får ein også frukost og middag mot tillegg.
Hos Nordfjord bad og spa kan ein bestille ei rekkje behandlingar, samt nytte seg av badstue og utandørs Jacuzzi. For den optimale SPA-opplevinga anbefaler det å bruke god tid i Badehuset. Unn deg sjølv ei kvilestund i relaxområdet. Ønsker ein behandling må dette bestillast på forhand. Anlegget er ope kvar dag frå kl. 07.00–20.00.
Hotellet er eit perfekt utgangspunkt for fleire attraksjonar og aktivitetar i Nordfjord. Den næraste finn du i sentrum av Nordfjordeid, Sagastad som er eit kunnskap og opplevingssenter om blant anna Myklebustskipet eit av dei største vikingskipa funne Norge til no.
Eit steinkast utanfor sentrum finn ein norsk fjordhestsenter som husar dei tradisjonsrike fjordhestane, med sitt opphav i Nordfjord. Senteret er ope heile året og kan tilby rideleirar, ride- og køyreturar, rideturar i fjellet m.m. I vestlandsnaturen kan du oppleve fjordhesten i sitt rette naturlege element.
Er du ute etter utflukter litt lenger vekk kan ein ta turen ut fjorden mot Vågsøy, Stad og Bremanger der du finn attraksjonar som Kannesteinen, Vestkapp og Vetvika. Vel du å ta turen innover fjorden mot Stryn, Loen og Olden kan ein besøke Hydlaparken, Loen skylift eller Briksdalsbreen.

Ved spørsmål, kontakt Nordfjord Hotell tlf: +47 57 86 06 33 eller e-post: [email protected]

Fasilitetar og tenester

  • Beliggenhet
    Sentrum Nærme naturen Ved fjorden Landsbyområde
  • Generell informasjon
    Innsjekk 15:00 Utsjekk 12:00
  • Generelle fasilitetar
    TV
  • Parkering
    Handicap-parkering

Kontaktinformasjon


Kundeservice

Vår lokalkunnskap, dine opplevelser.

Tlf +47 57 87 40 40

E-post til [email protected]

Bestillingsvilkår


Bestill hos oss

  • Offisiell bookingside for Nordfjord
  • Ingen bookingavgift
  • Sikker betaling
  • Raskt og enkelt

Kundeservice

Vår lokalkunnskap, dine opplevelser.

Tlf +47 57 87 40 40

E-post til [email protected]

Bestillingsvilkår

Bestill hos oss

  • Offisiell bookingside for Nordfjord
  • Ingen bookingavgift
  • Sikker betaling
  • Raskt og enkelt
Build: 31.03.2020 12:59:26, Host: online3core18, DB: o3.cbguide-8585.cbischannel-31800.v1 online3data03.db.citybreak.com:8080, Controller: Accommodation, Action: showdetails