Friluftsskule Bremanger 2: Langesjøvatnet

Område: Bremanger
Arena/Place:
Kategori: Familie, Sport og Fritid
Dato: Måndag 18 jul 2022 - onsdag 20 jul 2022

Fjordane Friluftsråd arrangerar Friluftsskulen som er eit aktivitetsopplegg for born og unge i alderen 9-13 år. Vi har ein flott kystnatur, og vi vil inspirere til at born og unge kan få eit nært og godt forhold til naturen. Gjennom ulike aktiviteter, ferdsel og opplevingar ynskjer vi å gje dei ei forståing av naturen sin eigenart og tålegrenser.

Tidsmessige og praktiske rammer: Friluftsskulen er eit dagstilbod for born og unge i kommunen og vil foregå i ulike naturmiljø. Over lengre avstandar nyttar vi buss for å komme til dei ulike lokalitetane. Friluftsskulen har gjennomgåande tre hovudtema i undervisningsopplegget. Det er fokus på dei rettar og pliktar som er nedfelt i allemannsretten. Vidare er det lagt vekt på kunnskap om orientering og bruk av kart og kompass på land og på sjøen, og korleis ein finn, lagar og ter seg på ein raste- og leirplass.
Undervisninga startar kl 9 og sluttar kl 15 den fyrste dagen. Dag 2 startar vi kl 9 og overnattar til dag 3. Dag 3 avsluttar vi kl 15. På overnatting der ein kan velje mellom telt, lavvo og hengekøye. Det er frivillig om ein ynskjer å overnatte.

Dagsplanar og innhaldet i undervisninga: Friluftsskulen i år har plass til 20 deltakarar. Stort sett vil undervisninga føregå samla, men ved enkelte høve vil vi dele deltakarane i mindre grupper.

Vi veit at værforholda på Vestlandet er skiftande og vind og nedbør kan kome med jamne mellomrom. Eit undervisningsopplegg med båtar og kajakkar ved kysten fordrar at vi har lite vind. Dagsprogramma må vere fleksible slik at vi kan endre og ha alternative løysingar dersom værtilhøva vert for vanskelege.

Her er eksempel på dagsplan:
Dag 1: Oppmøte ved parkeringsplassen til Gapahuken ved Langesjøvatnet, bli-kjent-leikar, orientering og øving i bruk av kart og kompass, grilling og bading.

Dag 2 : Oppmøte kl 9 på rasteplassen mellom vatna Langeløken og Langevatnet. Kanopadling naturquiz og leiroppsett.

Dag 3 : Kajakktur på Langesjøvatnet, bading og leik. Oppsummering og avslutning.

Matstell: Deltakarane tek med seg nistepakke og noko å drikke til formiddagsmat/lunsj dei fyrste to dagane. Arrangøren syte for felles middag kvar dag.

Ta med vaskbar kopp, fat og bestikk i plast eller tre. (ikkje eingongs) Utstyrsliste

Alle må ha ein dagstursekk. Støvlar eller skikkelege fjellsko er heilt nødvendig både i ferdsel i utmark og ved sjøen.

Under følger en liten huskeliste over hva barna må ha med seg:

Sovepose
Liggeunderlag
Støvler/fjellsko
Tursekk
Badetøy
Håndkle
Toalettsaker
Ullundertøy
Mygghette/middel
Badesko/crocs
Drikkeflaske med vann
Eventuelt; Fiskestang.
Klesskift (Det er nok med 1 ekstra bukse, 1 ekstra genser, 1 t-skjorte, 2-3 par sokker og undertøy. En varm genser, vindjakke og pannebånd/lue. Samt noe å sove i, gjerne ull,- det kan være kaldt om natten.) Dette tek du med i dagstursekken: Drikke, vindtett ytterplagg, genser, lite sitteunderlag, ekstra T-skjorte, underbukse, strømper og sokkar. Ta med badetøy, solbriller og evt. solkrem. Dersom det er meldt regn - regntøy.

Pris og påmelding: Deltakinga er GRATIS for alle mellom 9-13 år.

Maks 20 barn så her er det er fyrste mann til mølla! Påmeldinga er bindande.

Foreldre er òg hjarteleg velkomne. Vi tar forbehald om å kansellere friluftsskular dersom det vert for få påmelde.

Ta gjerne kontakt med Anna Kobbeltvedt viss du har spørsmål Telefon : 94 15 68 45 E-post: anna@friluftsrad.no

Dato/Tid

Dato Tidspunkt Arrangementsstad
18 Jul
Måndag 18 jul 2022 09:00 - 15:00  
19 Jul
Tysdag 19 jul 2022 09:00 - 15:00  
20 Jul
Onsdag 20 jul 2022 09:00 - 15:00  

Kontaktinformasjon

Telefonnummer
+47 94156845
Kontaktperson
Anna Kobbeltvedt
Kontakt e-post
anna@friluftsrad.no
Nettside
https://fjordanefriluftsrad.hoopla.no/sales/1369585837

Linker

Prisinformasjon

Aldersgrense (år)
13

Kundeservice

Vår lokalkunnskap, dine opplevelser.

E-post til booking@nordfjord.no

Bestillingsvilkår


Bestill hos oss

  • Offisiell bookingside for Nordfjord
  • Ingen bookingavgift
  • Sikker betaling
  • Raskt og enkelt
Build: 30.06.2022 12:21:31, Host: online3core19, DB: o3.cbguide-8585.cbischannel-31800.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Event, Action: showdetails