Sissel Kyrkjebø: Reflections

Område: Nordfjordeid
Arena/Place: Operahuset Nordfjord
Kategori: Arrangement
Dato: Laurdag 11 sep 2021

Gullstrupen og nasjonalskatten Sissel Kyrkjebø kjem til Operahuset Nordfjord!

Sissel tek med seg sitt store musikkprosjekt «Reflections» på turné, med Nordfjordeid som ein av berre seks konsertstader.

Kombinasjonen av Sissel si heilt fantastiske stemme og formidlingsevne har gjort ho til ein svært ettertrakta artist over store deler av verda. Hennar unike sceneutstråling gjer at publikum føler ho syng direkte til deg, og berre deg.

Sidan Sissel sleppte sitt første soloalbum som 16-åring, har ho hatt ein enorm suksess i både inn- og utland. Stemma hennar blir i Norge rekna som ein nasjonalskatt. Gjennom ei lang karriere har ho samarbeida med artistar som mellom andre Diana Krall, Placido Domingo, Warren G, Bryn Terfel og José Carreras. Sissel si temme er også sterkt knytt til storfilmar som Titanic og Ringenes Herre, og ho har stått på mange av dei største scenene over heile verda, delteke i eit utal TV-program, plateinnspelingar og store juleturnear i heile Norden.

"Reflections" er eit prosjekt som starta i 2019. Sissel fylte då 50 år, og frå 26. mai det året starta ho løpet med å gje ut 52 låtar, éin kvar veke. Dette er nye innspelingar av tidlause låtar som strekkjer seg frå 1920-talet og fram til i dag: alt frå kjærleikssongar via standardlåtar til gospel. Felles for alle er at dei blir framført på engelsk, og har tekst som omhandlar våre ulike sinnstemningar, som til dømes glede, kjærleik, forelsking, å vere trist, og å lengte etter noko eller nokon.

I tillegg til låtutgjevingane blei det også laga 52 musikkvideoar / intervjuvideoar som kommenterte kvar låt.

«Etter å ha jobba i studio med 52 songer og laga 52 musikkvideoar, gler eg meg til å endeleg kunne presentere eit utdrag frå Reflections-prosjektet live. Det skjer på berre seks nøye utvalde konsertstader i Norge", fortel Sissel.

I tillegg til artisten sjølv deltek tre musikarar på konserten: Tim Carmon, Johnny Sjo og Bernt Rune Stray.

Viktig billett- og koronainformasjon: Vi gjer alt vi kan for å sikre deg ei god og trygg kulturoppleving i samsvar med gjeldande smittevernreglar. Personar frå same husstand kan sitje saman. Alle andre må kjøpe enkeltbillettar. Billettsystemet syter for at det står igjen nødvendig avstand mellom deg og neste billettkjøpar. Du må registrere namn og kontaktinfo når du kjøper billett. Kjøper du billett til andre/fleire, må du kunne oppgje deira namn og telefonnummer ved eventuell smittesporing. Viss du er sjuk, held du deg sjølvsagt heime.

Dersom smittesituasjonen, reglar og anbefalingar endrar seg slik at det får konsekvensar for gjennomføringa av arrangementet, kontaktar vi billettkjøparane direkte via e-post. Har du spørsmål? Kontakt oss på [email protected]

Rullestol? Følgjekort? Kontakt [email protected]

Dato/Tid

Dato Tidspunkt Arrangementsstad
11 Sep
Laurdag 11 sep 2021 18:00 - 19:30 Operahuset Nordfjord

Kontaktinformasjon

Linker


Kundeservice

Vår lokalkunnskap, dine opplevelser.

E-post til [email protected]

Bestillingsvilkår


Bestill hos oss

  • Offisiell bookingside for Nordfjord
  • Ingen bookingavgift
  • Sikker betaling
  • Raskt og enkelt
Build: 29.07.2021 16:40:24, Host: online3core17, DB: o3.cbguide-8585.cbischannel-31800.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Event, Action: showdetails