Den store julekonserten

Område: Nordfjordeid
Arena/Place: Operahuset Nordfjord
Kategori: Arrangement
Dato: Fredag 3 des 2021 - laurdag 4 des 2021

Opera Nordfjord inviterer til musikalsk julestemning med alt frå svingande, amerikanske julefavorittar til kjende og kjære julesongar frå den norske musikkskatten og vakre, engelske carols.

Etter suksessen med Den store julekonserten i 2019, er det ei stor glede for Opera Nordfjord å igjen kunne innby til musikalsk julestemning i Operahuset Nordfjord første helga i desember!

Repertoaret spenner frå svingande, amerikanske julefavorittar til kjende og kjære julesongar frå den norske musikkskatten og vakre, engelske carols.

Solisten vår er operasongaren Beate Mordal frå Molde, som for tida gjer stor suksess på dei franske operascenene. Ho er utdanna songar frå både NTNU i Trondheim og frå Operaakademiet ved det Kongelige Danske Musikkonservatorium i København. Beate er ein svært allsidig songar, som like gjerne syng jazz som lieder, musikkteater og opera. Før ho kjem til oss i desember, får vi oppleve henne som Judy i hovudproduksjonen vår til hausten, i Jorden rundt på 80 dager av Øystein Wiik og Gisle Kverndokk.

Som tonefølgje kan vi by på vårt profesjonelle operaorkester og eit samansett operakor frå heile distriktet, leia av dirigent og kunstnarisk leiar i Opera Nordfjord, Michael Pavelich.

Billettsalet skjer utan automatisk "koronaavstand" og utan restriksjonar på antal publikummarar. Vi håpar at dette er realiteten når vi kjem til desember. Billettkjøparane blir kontakta om det blir restriksjonar som får konsekvensar for plassering i sal, antal osv.

Dato/Tid

Dato Tidspunkt Arrangementsstad
3 Des
Fredag 3 des 2021 19:00 - 21:10 Operahuset Nordfjord
4 Des
Laurdag 4 des 2021 18:00 - 20:00  

Kontaktinformasjon

Linker


Kundeservice

Vår lokalkunnskap, dine opplevelser.

E-post til booking@nordfjord.no

Bestillingsvilkår


Bestill hos oss

  • Offisiell bookingside for Nordfjord
  • Ingen bookingavgift
  • Sikker betaling
  • Raskt og enkelt
Build: 14.10.2021 09:12:32, Host: online3core17, DB: o3.cbguide-8585.cbischannel-31800.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Event, Action: showdetails