Ole Paus & Jon Niklas Rønning

Område: Nordfjordeid
Arena/Place: Operahuset Nordfjord
Kategori: Arrangement
Dato: Laurdag 11 des 2021

To musikalske humoristar frå to generasjonar møtest endeleg til si første store framsyning saman!

Humormusikalske skråblikk i særklasse!

To musikalske humoristar fra to generasjonar, Ole Paus og Jon Niklas Rønning, møtest endeleg til si første store framsyning saman.
Begge skriv humorlåtar om tida vi lever i og Rønning er velkjent for sin parodi på Paus. Framsyninga har, naturleg nok, tittelen «Skilt ved fødselen».

"Dette gler vi oss veldig til! Vi har vore gode vener i mange år og er veldig glade for at vi skal spele vår nye framsyning saman", seier Ole Paus og Jon Niklas Rønning.

I «Skilt ved fødselen» får vi høyre Paus og Rønning sine humorlåtar, og det blir heilt nyskrivne satiresongar signert duoen. Låtane er arrangert for to stemmer og to gitarar. Sjølvsagt får også Rønning anledning til å parodiere sin gode ven og kollega.

Sjølv om dei er representantar for kvar sin generasjon låtskrivarar, blir Paus og Rønning foreina i det same humormusikalske skråblikket.
Med «Pausposten» brøyta Ole Paus veg og er blitt sjølve malen for humorlåtar fra nyheitsbiletet.

Rønning har vidareført tradisjonen på sin måte, både i soloshowet «Jeg reiser alene», med tradisjonsrike musikalske årsoppsummeringar på «Idrettsgallaen» på NRK og i serien «Ukens Rønning», der han deler musikalske betraktningar under koronapandemien. Videoen «Familieliv i koronatider» er sett av over 3.2 millioner menneske på Facebook.

Paus har i tillegg meisla seg inn i den norske folkesjela med nasjonale songskattar som «Mitt lille land» og «Det begynner å bli et liv».
Duoen har allereie fått testa ut samarbeidet på Apotekergaarden i Grimstad. I 2020 og 2021 spelte dei framsyninga «Ansikt til ansikt» for utselde hus heile sommaren. "Skilt ved fødselen" har premiere på Latter i Oslo 22. september.

Følgjekort? Rullestol? Kontakt [email protected]

Dato/Tid

Dato Tidspunkt Arrangementsstad
11 Des
Laurdag 11 des 2021 19:00 - 20:15 Operahuset Nordfjord

Kontaktinformasjon

Linker


Kundeservice

Vår lokalkunnskap, dine opplevelser.

E-post til [email protected]

Bestillingsvilkår


Bestill hos oss

  • Offisiell bookingside for Nordfjord
  • Ingen bookingavgift
  • Sikker betaling
  • Raskt og enkelt
Build: 14.06.2021 17:38:03, Host: online3core19, DB: o3.cbguide-8585.cbischannel-31800.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Event, Action: showdetails