Detektivbyrå nr. 2

Område: Nordfjordeid
Arena/Place: Operahuset Nordfjord
Kategori: Arrangement , Familie, Teater og Show
Dato: Søndag 30 jan 2022

Opplev ei heilt ny familieframsyning basert på den populære bokserien "Detektivbyrå nr. 2" av Jørn Lier Horst.

Barn i Norge elskar bøkene om Detektivbyrå nr. 2 av krimforfattar Jørn Lier Horst. No blir det teater for heile familien der Tiril, Oliver og hunden Åtto må løyse eit helt nytt mysterium!

Operasjon Teater er eit nytt oppdrag for Detektivbyrå nr. 2. Eit mysterium som berre kan opplevast når Riksteatret kjem til ditt kulturhus. For kva er det eigentleg som skjer når Riksteatret kjem til Elvestad for å spele framsyninga Hamlet?

Kvifor har det skjedd mystiske ulukker under heile turneen? Er teaterframsyninga forbanna eller er det nokon som saboterer? Bli med Tiril, Oliver og Åtto på eit spennande mysterium i teatret si magiske verd.

Vi gler oss til å sjå deg i operahuset! Viss du vil, kan du kle deg ut i eit heilt eige teaterkostyme når du kjem til framsyninga.

Passar for barn frå 5 år og oppover.

På scena: Maria Agwumaro, Lars Halvor Andreassen, Janne Starup Bønes, Amalie Ibsen Jensen, Arjan Nilsen, Thomas Jørstad Pettersen og Amanda Hedvig Strand

Team: Regissør Hilde Brinchmann, scenograf Paul Sebastian Garbers, kostymedesignar Helena Andersson, assisterende designar Signe Gerda Landfald, lysdesignar Martin Flack, lyddesignea og komponist Eirik Myhr, produsent Wenche Viktorsdatter Paulsen

Av Hilde Brinchmann og Jørn Lier Horst.

Basert på bokserien Detektivbyrå nr. 2 – av forfattar Jørn Lier Horst og illustratør Hans Jørgen Sandnes

Produsert av Riksteatret

Billettsalet skjer utan automatisk "koronaavstand" og utan restriksjonar på antal publikummarar. Vi håpar at dette er realiteten når vi kjem til januar. Billettkjøparane blir kontakta om det blir restriksjonar som får konsekvensar for plassering i sal, antal osv.

Framsyninga varer i om lag to timar inkludert pause.

Billettprisar:
Ordinær (barn, vaksen, pensjonist, student) 275 kr
Familiepris (gruppe 4 eller fleire) 225 kr
Samarbeidspartnarar 225 kr. Må oppgje kode frå DNB, Statnett, TINE, ARK, Bokklubben, Teatervenner Norge, Kulturforbundet i Delta eller Norsk bibliotekforening. Maks 4 bill.
Coop-medlem 220 kr. Må oppgje kode frå Coop. Maks 4 bill.

Rullestol? Kontakt post@operahuset.no.

Dato/Tid

Dato Tidspunkt Arrangementsstad
30 Jan
Søndag 30 jan 2022 17:00 - 19:00 Operahuset Nordfjord

Kontaktinformasjon

Telefon booking
+47 958 89 159
Telefonnummer
+47 958 89 159
Kontaktperson
Helga Sundal
Kontakt e-post
post@operahuset.no
Nettside
https://www.operahuset.no/operahuset/program/detektivbyra-nr-2

Linker


Kundeservice

Vår lokalkunnskap, dine opplevelser.

E-post til booking@nordfjord.no

Bestillingsvilkår


Bestill hos oss

  • Offisiell bookingside for Nordfjord
  • Ingen bookingavgift
  • Sikker betaling
  • Raskt og enkelt
Build: 14.10.2021 09:12:32, Host: online3core17, DB: o3.cbguide-8585.cbischannel-31800.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Event, Action: showdetails