Sigrid Moldestad og band

Område: Nordfjordeid
Arena/Place: Operahuset Nordfjord
Kategori: Arrangement
Dato: Søndag 17 okt 2021

Nordfjordeid er ein av dei svært få stadene du kan oppleve Sigrid Moldestad sin eksklusive marsturné.

Sigrid Moldestad kom med sitt sjette soloalbum 19. februar og reiser på ein eksklusiv turné i mars. Vi er svært glade for at Operahuset Nordfjord er ein av dei få stadene Sigrid kjem til!

På det nye albumet “Tonen i meg” tek ho oss med til eit musikalsk landskap med mørkare understraumar enn tidlegare. Hardingfela er fortsatt sterkt tilstades på fleire av songane, men det er også eit album som leikar seg i fleire sjangrar.

Sigrid og bandet er kjende for sine sterke live-opptredenar og har jobba opp ei trufast tilhengarskare over fleire år. Sigrid Moldestad har funne fram til sjølve grunntonen i seg på dette albumet. Og tonen er både skjør og kraftfull, hudlaus og trøystande, melankolsk og oppløftande. Her er kontrastane i l ivet, utkrystalliserte i små forteljingar som i grunnen handlar om oss alle. Fortid og notid går hand i hand i mange av songane. Små glimt av ei svunnen tid som set vår urolege tid i relieff. Heile tida med Moldestad si stemme i midten. Som ein varm klem, i den kalde tida.

Rundt seg har ho sitt faste band gjennom mange år. Ein utsøkt gjeng leikande, lyttande og utforskande musikarar. Plata er produsert av Yngve L. Sætre og spelt inn i Duper Studio, Bergen.

Sigrid Moldestad Band:
Sigrid Moldestad: vokal, fele, hardingfele og ukulele
Jørgen Sandvik: gitarar, gucheng, banjo, lap-steel, mandolin og vokal
Anders Bitustøyl: bass og vokal
Sigbjørn Apeland: trøorgel, piano, farfisa, rhodes og vokal
Kåre Opheim: trommer og vokal
Roald Kaldestad: gitarar, el-gitar, lap-steel, mandolin og vokal

Korona-oppdatering 23. februar og 20. januar, etter nye reglar og anbefalingar om arrangement:
• Arrangement og kino kan gjennomførast med publikum frå Stad kommune og tilstøytande område med lite smitte.
• Inntil 100 publikummarar kan vere samla

Dersom smittesituasjonen, reglar og anbefalingar endrar seg slik at det får konsekvensar for arrangement eller kino, kontaktar vi billettkjøparane direkte via e-post. Har du spørsmål? Kontakt oss på [email protected]

Viktig billettinformasjon: Vi gjer alt vi kan for å sikre deg ei god og trygg kulturoppleving i samsvar med smittevernreglane. Personar frå same husstand kan sitje saman. Alle andre må kjøpe enkeltbillettar. Billettsystemet syter for at det står igjen nødvendig avstand mellom deg og neste billettkjøpar. Du må registrere namn og kontaktinfo når du kjøper billett. Kjøper du billett til andre/fleire, må du kunne oppgje deira namn og telefonnummer ved eventuell smittesporing. Viss du er sjuk, held du deg sjølvsagt heime.

Dato/Tid

Dato Tidspunkt Arrangementsstad
17 Okt
Søndag 17 okt 2021 19:00 - 20:30 Operahuset Nordfjord

Kontaktinformasjon

Telefon booking
+47 958 89 159
Telefonnummer
+47 958 89 159
Kontakt e-post
[email protected]
Nettside
http://www.operahuset.no/operahuset/program/sigrid-moldestad

Linker


Kundeservice

Vår lokalkunnskap, dine opplevelser.

E-post til [email protected]

Bestillingsvilkår


Bestill hos oss

  • Offisiell bookingside for Nordfjord
  • Ingen bookingavgift
  • Sikker betaling
  • Raskt og enkelt
Build: 22.07.2021 10:48:21, Host: online3core17, DB: o3.cbguide-8585.cbischannel-31800.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Event, Action: showdetails