Raudhette og ulven
Teater Vestland inviterer heile familien til eventyrland!
Det var ein gong i ein skog i eit land i ei stove ei lita jente som heitte Raudhette. Heilt åleine måtte ho gå den lange vegen gjennom skogen med mat til bestemora som var blitt for gammal og skrøpeleg til å ta vare på seg sjølv.
Men hei, vent no litt! Veit vi heilt sikkert at ho var så lita? Og var ho eigentleg jente? Viss eventyret om den raude kappa og den svoltne ulven er over tusen år gammalt, har det sikkert blitt kviskra meir enn ti tusen gonger, og talet på spørsmål har nesten like mange nullar bak seg. Kven var det modige barnet i den raude kappa, eller var det eigentleg ein hatt? Blir Raudhette faktisk redda til slutt, eller er det noko vi har dikta til på slutten for ikkje å skremme små, uskuldige born? Og så er det hovudspørsmålet, kjære publikum: Kva har Raudhette i korga si, er det eit hemmeleg våpen, ei flaske saft, brød eller kaker?
Den prislønte regissøren Alex Byrne kjem til Teater Vestland for å skape eventyrleg stemning. Han er kjent for leikne adapsjonar av «Snøhvit», «Skjønnheten og udyret» og «Hans og Grete». Ta med deg heile familien til eventyrland!
Regissør: Alex Byrne
Regiassistent/dramaturg: Elisabet Topp
Scenograf og kostymedesignar: Mari Lotherington
Lysdesignar: Krystian Myska
Dramaturg: Cecilie Grydeland Lundsholt
Komponist / musikalsk ansvarleg: Gregory Hall
Medverkande: Kyrre Eikås Ottersen, Anne Wiig, Haflidi Arnar Haflidason, Katrine Lunde Mackenzie
Viktig billettinformasjon: Vi gjer alt vi kan for å sikre deg ei god og trygg kulturoppleving i samsvar med smittevernreglane. Personar frå same husstand /tilsvarande nære kan sitje saman. Alle andre må kjøpe enkeltbillettar. Billettsystemet syter for at det står igjen nødvendig avstand mellom deg og neste billettkjøpar. Du må registrere namn og kontaktinfo når du kjøper billett. Kjøper du billett til andre/fleire, må du kunne oppgje deira namn og telefonnummer ved eventuell smittesporing. Viss du er sjuk, held du deg sjølvsagt heime.
Framsyninga varar i ca 1 time og 30 minutt.
Med atterhald om endringar.
Dato/Tid
Dato | Tidspunkt | Arrangementsstad | |
---|---|---|---|
25
Mar
|
Torsdag 25 mar 2021 | 18:00 - 19:30 | Operahuset Nordfjord |
Kontaktinformasjon
Kontakt e-post | ||
[email protected] | ||
Nettside | ||
http://www.operahuset.no |
Linker
I nærområdet
-
Nordfjord Hotell BryggenHotell1 kmNordfjord Hotell - Bryggen er ei underavdeling av Nordfjord Hotell og ligg ve...
-
Nordfjord HotellHotell, Hotels, Visit Norway, Listings, Hotels & More, Overnatting, Hotell og camping1,2 kmFrom 990 NOKNordfjord Hotell har 54 velutstyrte gjesterom med 110 sengar. Hotellet har re...
-
Gloppen Hotell - By Classic Norway HotelsHotell, Mat og Drikke, Lokalmat19,7 kmOvernatt i historiske omgjevnader i hjartet av Fjord Norge. Gloppen hotell er...