Tobias og dagen det smalt

Område: Nordfjordeid
Arena/Place: Operahuset Nordfjord
Kategori: Arrangement
Dato: Laurdag 24 apr 2021

«Årets beste barneframsyning» på turné med Riksteatret!

Det er mange som kallar Tobias for Cecilie. Ikkje eingong mamma og pappa veit at Cecilie er Tobias. Og det er jo ikkje så rart, for utanpå har han jentekropp, men inni seg er han ein gut. Tobias er det fineste namnet han veit om, og saman med den usynlege dinosaurvennen Konrad kan Tobias vere seg sjølv; verdas beste dinosaurekspert!



Bestevennen Pauline er i verkelegheita den einaste som veit kven Tobias er. Ho prøver å hjelpe, men likevel føler Tobias det som då meteoren kolliderte inn i jorda og alle dinosaurane døydde. Kva kjem til å skje hvis alle får vite kven han egentleg er?



«Tobias og dagen det smalt» er ei framsyning om identitet, dinosaurar og vennskap. Framsyninga tar utgangspunkt i samtaler med barn og vaksne. Gjennom ein miks av fantasi og verkelegheit utviklar framsyninga kunnskap og innsikt: Det er mange måtar å vere menneske på.



Riksteatret skal by på det beste for barn og unge, og med «Tobias og dagen det smalt» får publikum over heile landet oppleve framsyninga som blei kåra til «Årets beste barneframsyning» Heddaprisen 2018. Framsyninga passar for familiar, foreldre, lærarar, klassar - og alle barn frå 6 år.



Pressa skriv:

«Flott teater for barn, og som også tåler godt de voksnes øyne og ører (…) Ei forestilling med god plass til både alvor og humor» ITromsø, 5

«En rikholdig, formbevisst, opplevelsesfortelling med mange lag» Dagbladet, 5

«Åpen, undrende, leken og mangfoldig» Nordlys, 5

«Det blir aldri for enkelt, aldri for vanskelig. Det er et viktig tema, et tema i tiden, som formidles med kløkt, paralleller og masse barnslig gøy.» NRK



Medverkande: Jonas Delerud, Sebastian Legaard Engeland, Per-Theodor Paulsen, Alexander Rindestu, Tonje Dreyer Sellevoll og Kristine Myhre Tunheim.



Av Jenny Svensson. Regissør Morten Røsrud. Scenograf og kostymedesignar Mari Hoel Lotherington. Komponist og lydprodusent Aggie Peterson. Lyddesignar Andreas Wangsbro. Lysdesignar Øystein Heitmann. Dramaturg Lina Synnøve Killingdalen. Idé og prosjektleiar Kristine Myhre Tunheim. Originalt produsert av Rimfrost i samarbeid med Hålogaland Teater. Urpremieren var på Hålogaland Teater 23. november 2017. Produsert for turné i 2021 av Riksteatret. Produsent Wenche Viktorsdatter Paulsen.

Dato/Tid

Dato Tidspunkt Arrangementsstad
24 Apr
Laurdag 24 apr 2021 17:00 - 17:45 Operahuset Nordfjord

Kontaktinformasjon

Linker


Kundeservice

Vår lokalkunnskap, dine opplevelser.

Tlf +47 57 87 40 40

E-post til [email protected]

Bestillingsvilkår


Bestill hos oss

  • Offisiell bookingside for Nordfjord
  • Ingen bookingavgift
  • Sikker betaling
  • Raskt og enkelt
Build: 14.04.2021 11:03:12, Host: online3core17, DB: o3.cbguide-8585.cbischannel-31800.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Event, Action: showdetails