GINMAKER'S DINNER | Loen skylift

Område: Loen
Arena/Place:
Kategori: Arrangement
Dato: Fredag 6 nov 2020

From 1395 NOK

Bli med på ei ginetisk kulinarisk reise komponert av Ginmaker Stig Bareksten og kjøkkensjef Torgeir Holmøyvik.

Fredag 6. november inviterer vi til Ginmaker’s Dinner med Bareksten - den beste gin i verda.

Aperitiff, fire-retters middag og drikke til maten. Pris: 1395,- per person.

Stig Bareksten vil gje eit innblikk i Bareksten Gin si historie, og under middagen vil han og kjøkensjefen presentere mat og drikke for kvar rett.

Om Bareksten Botanical Spirits
Bareksten representerer “essensen av Norge”, både i smak og karakter - mørk, vill, fantastisk og dramatisk. Reine smakar inspirert av gamle handverkstradisjonar er sjelen til Bareksten sitt botaniske underverk. I 2017 fekk Bareksten dobbelt gull i VM for brennevin, og har vunne ei rekke andre prisar over heile verda. Det er fokuset på handverk, lokale tradisjoner og råvarer som får verda til å sperre opp augene.

Kvart år samlar dei leiande brennevinsprodusentane i verda seg om The San Francisco World Spirits Competition (SFWSC). I 2020 har Bareksten Botanical Gin på nytt tatt dobbelt gull (best in class) og befestar dermed sin posisjon som verdens beste gin innanfor kategorien London Dry Gin.

Det er ei stadig aukande interesse rundt norsk brennevin og Bareksten gin vert no eksportert til 35 land.

Vil du kombinere med ei overnatting på Hotel Alexandra?

Hotel Alexandra tilbyr spesialpris for dei som ynskjer å overnatte i forbindelse med arrangementet. Pris frå kr 1250,- per person i dobbeltrom inkludert frukost og inngong til Alexandra Bad. Tillegg for enkeltrom frå kr 400,-. Ta kontakt med Hotel Alexandra på [email protected] eller 57 87 50 00.

Praktisk informasjon
Arrangementet startar kl 19:00, og siste bane ned er kl 00:30. Baren stenger ved midnatt.

Billett til Ginmaker’s Dinner må kjøpast på førehand på denne sida. Dei som har billett til arrangementet får kjøpe banebillett i billettluka til 300,- t/r (ordinær pris 440,-). Dei som har årskort kan nytte dette.

Grunna smittevernhensyn er det eit begrensa antal plassar på arrangementet.

Dato/Tid

Dato Tidspunkt Arrangementsstad
6 Nov
Fredag 6 nov 2020 19:00 - 23:58  

Kontaktinformasjon

Telefon booking
+47 57875000
Telefonnummer
+47 57875000
Kontakt e-post
[email protected]
Nettside
https://www.loenskylift.no/kalender/ginmakers-dinner

Prisinformasjon

Prisinformasjon
1395,- NOK per person
Aldersgrense (år)
0

Kundeservice

Vår lokalkunnskap, dine opplevelser.

Tlf +47 57 87 40 40

E-post til [email protected]

Bestillingsvilkår


Bestill hos oss

  • Offisiell bookingside for Nordfjord
  • Ingen bookingavgift
  • Sikker betaling
  • Raskt og enkelt
Build: 21.10.2020 12:39:14, Host: online3core19, DB: o3.cbguide-8585.cbischannel-31800.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Event, Action: showdetails