Det lyser i stille grender

Område: Nordfjordeid
Arena/Place: Operahuset Nordfjord
Kategori: Arrangement , Musikk
Dato: Søndag 20 des 2020

Kom i julestemning med Kjølsdalen musikklag, familien Naustdal og dirigent Arvid Anthun siste søndagen før jul!

Kom i julestemning med Kjølsdalen musikklag, familien Naustdal og dirigent Arvid Anthun siste søndagen før jul!

Det lyser i stille grender
av tindrande ljos i kveld,
og tusende barnehender
mot himmelen ljosa held

Mange har i år kjent på kor heldige vi er som bur og høyrer til akkurat her: I stille grender. Vi set ekstra stor pris på det nære, trygge og fredelege.

Alt er godt og alt er trygt.
Her står vi i eit venskapsband,
varme går frå hand til hand

Jula handlar mykje om det: Gleda over å vere heime og ilag med dei vi er glade i. Det nære og kjære.

Ei glede så stor
eg ekje alene
her eg bor

Men samtidig ettertanken og vemodet. Saknet etter dei som ikkje er her lenger, dei gode minna om dei vi bryr oss om og dei som betyr mest for oss.

Tider skal komme
tider skal henrulle
slekt skal følge slekters gang

Julekonserten skal setje deg i den rette stemninga til jul, og gje deg eit pusterom i juleførebuingane. Opplevinga blir som ein godtepose: lett blanding av det du vil ha og litt av det som overraskar. Gjer deg klar til å bli begeistra og berørt – Upp gledjest alle!

Viktig billettinformasjon: Vi gjer alt vi kan for å sikre deg ei god og trygg kulturoppleving i samsvar med smittevernreglane. Akkurat no er det berre lov med maks 200 publikummarar per konsert. Personar frå same husstand /tilsvarande nære kan sitje saman. Andre må kjøpe enkeltbillettar. Billettsystemet syter for at det står igjen to tome sete mellom deg og neste billettkjøpar. Du må registrere namn og kontaktinfo når du kjøper billett. Viss du er sjuk, held du deg sjølvsagt heime.

Konserten varer i om lag 1 t 20 min, ikkje pause.

Billettprisar: Ordinær 300 kr, barn under 15 år 100 kr.

Dato/Tid

Dato Tidspunkt Arrangementsstad
20 Des
Søndag 20 des 2020 20:00 - 21:20 Operahuset Nordfjord

Kontaktinformasjon

Linker


Kundeservice

Vår lokalkunnskap, dine opplevelser.

Tlf +47 57 87 40 40

E-post til [email protected]

Bestillingsvilkår


Bestill hos oss

  • Offisiell bookingside for Nordfjord
  • Ingen bookingavgift
  • Sikker betaling
  • Raskt og enkelt
Build: 21.10.2020 12:39:14, Host: online3core18, DB: o3.cbguide-8585.cbischannel-31800.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Event, Action: showdetails