Riksteatret: PANG!

Område: Nordfjordeid
Arena/Place: Operahuset Nordfjord
Kategori: Arrangement , Teater og Show
Dato: Måndag 22 mar 2021

Gled deg til ein annleis og kristikarrost komedie, som er blitt spelt på scener over heile Europa. Her sparkast det i alle retningar, og ingen kan føle seg trygg!

Rolf Pang er ein sterk mann! Og ingenting – absolutt ingenting – kan hindre hans vei til toppen. Han er så utruleg fantastisk at han gjer sin eigen fødsel om til ein pressekonferanse. Aldri har så mange kome. Aldri har verda sett eit større geni enn han! Eit barn med så stort ego kan bli kva han vil, berre foreldra trur nok på han og verda anerkjenner hans enorme talent.

Dette utruleg sterke, manipulerande barnet vil opp og fram. Det får han til, godt hjelpt av familie, sosiale medium, fake news og testosteron. Uten han blir verda dødskjedeleg. Kloden krinsar rundt han, dette strålande eigenrådige evnerike barnet, denne grenseoverskridande mannen, perfekt i si timing og skarp i si forståing av andre sin veiskap. Ingenting kan stoppe han. Ikkje ein gong han sjølv.

Gled deg til ein annleis komedie! "Pang!" er blitt spelt på scener over heile Europa, og endeleg blir det mogleg å oppleve dette kritikarroste teaterstykket med Riksteatret over heile landet. Her sparkast det i alle retningar, og ingen kan føle seg trygg!

På scena: Espen Alknes, Peiman Azizpour, Rebekka Nystabakk, Bartek Kaminski og Olav Waastad

Regissør Peer Perez Øian, scenograf Olav Myrtvedt, kostymedesignar Christina Lovery, lysdesignar Kai Roger Havn, komponist og lyddesignar Gaute Tønder og videodesignar Eilif Fjeld Teisbo

Av Marius von Mayenburg. Omsett av Øyvind Berg. Colombine Teaterförlag. Originaltittel: Peng. Produsert av Riksteatret

Viktig billettinformasjon: Vi gjer alt vi kan for å sikre deg ei god og trygg kulturoppleving i samsvar med smittevernreglane. Personar frå same husstand /tilsvarande nære kan sitje saman. Alle andre må kjøpe enkeltbillettar. Billettsystemet syter for at det står igjen to tome sete mellom deg og neste billettkjøpar. Du må registrere namn og kontaktinfo når du kjøper billett. Viss du er sjuk, held du deg sjølvsagt heime.

Dato/Tid

Dato Tidspunkt Arrangementsstad
22 Mar
Måndag 22 mar 2021 19:00 - 20:40 Operahuset Nordfjord

Kontaktinformasjon

Linker


Kundeservice

Vår lokalkunnskap, dine opplevelser.

Tlf +47 57 87 40 40

E-post til [email protected]

Bestillingsvilkår


Bestill hos oss

  • Offisiell bookingside for Nordfjord
  • Ingen bookingavgift
  • Sikker betaling
  • Raskt og enkelt
Build: 01.01.2000 00:00:00, Host: online3core19, DB: o3.cbguide-8585.cbischannel-31800.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Event, Action: showdetails