Meisterverk frå Polen og Norge – ei musikalsk reise

Område: Nordfjordeid
Arena/Place: Operahuset Nordfjord
Kategori: Musikk
Dato: Torsdag 29 apr 2021

Den polske klavermeisteren Greg Niemczuk framfører meisterverk av mellom andre Chopin, Grieg og Sæverud.

Den polske stjernepianisten Greg Niemczuk (34) spelte ein fantastisk Chopin-konsert her i Operahuset Nordfjord i april 2021. Det begeistra og entusiastiske publikummet nærast kravde å få han tilbake. Og no er han her igjen!

Greg Niemczuk har deu siste 14 åra spelt over 400 konserter i 31 ulike land. Hans sensitive og poetiske tolkingar, kombinert med vakker klangbehandling og lidenskapleg virtuositet, har gjort han til ein favoritt blant publikum og presse særleg i Europa, Asia og Sør-Amerika. Carnegie Hall-debuten hans ble beskrevet i The Epoch Times som «full av flyt og frihet i linjene, et ekstremt bredt dynamisk spekter - fra øredøvende fortissimoer til hviskende pianissimoer - klanglig variasjon og glitrende virtuositet».

Over alt der Greg spelar blir han invitert tilbake. Hovudgrunnen er naturlegvis at han er ein så dyktig pianist, men også fordi han er ein hyggeleg kar: venleg, open, utadvendt, alltid smilande, begeistra, glad i menneske, beskjeden og takknemleg.

Greg Niemczuk har no heile verda som arena. Han har spelt i alle verdsdelar og i dei fleste europeiske land. Men kvart år turnerer han i Norge, eit land som betyr meir og meir for han. Greg kallar Norge for sitt andre heimland.

På konserten får publikum oppleve eit knippe av dei vakrastae musikkstykka frå dei to landa som betyr mest for han: Polen og Norge. Det blir musikk av mellom andre Chopin, Grieg, Sæverud, Tveit og Sinding. Konsertprogrammet inneheld mellom anna Kjempeviseslåtten, Til våren, Grande Polonaise Brillante og Holberg suite.

Publikum sit på scena under konserten. Konserten varer i 45 minutt x 2 med 15 minutt pause mellom avdelingane. Billettane er unummererte.

Dato/Tid

Dato Tidspunkt Arrangementsstad
29 Apr
Torsdag 29 apr 2021 19:00 - 21:00 Operahuset Nordfjord

Kontaktinformasjon

Kontakt e-post
[email protected]

Linker


Kundeservice

Vår lokalkunnskap, dine opplevelser.

Tlf +47 57 87 40 40

E-post til [email protected]

Bestillingsvilkår


Bestill hos oss

  • Offisiell bookingside for Nordfjord
  • Ingen bookingavgift
  • Sikker betaling
  • Raskt og enkelt
Build: 14.08.2020 11:08:44, Host: online3core19, DB: o3.cbguide-8585.cbischannel-31800.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Event, Action: showdetails