CBIS 6678226

Bakketunet

Inst i Hjørundfjorden i kulturbygda Bjørke, ligg det freda Bakketunet med sine seks ærverdige bygningar der tømmeret i dei eldste husa er datert attende til 1549. Dette er difor det eldste heilskapelege gardstunet på Sunnmøre med, etter seiande, den eldste grindløda i landet.

Med dei historiske bygningane kan ein kjenne seg sett attende til middelalderen der stova, løda, stabburet, kufjøsen, smalefjøsen og stall hadde sine ulike funksjonar i eit fullverdig gardstun. I over 400 år har desse bygningane husa menneske og buskap i samspel for livet og komande slekter. Etter over 20 år med restaureringsarbeid opna eigarane tunet for besøkande sommaren 2010. Med eit rikt kulturprogram og ei interessant kulturhistorie, har Bakketunet på Bjørke blitt eit populært reisemål, som sidan opninga har hatt besøk av fleire tusen menneske frå fjern og nær.

Verdiar

Bakketunet på Bjørke skal ta vare på røtene sine frå bondekulturen, verne om vår felles kulturarv og vere aktuelle og nytenkande i innhald. Bakketunet sitt mål er å gi grupper og individuelt besøkande gode opplevingar knytt til kunst, kultur og natur.

I sommarhalvåret skal Bakketunet vere eit aktivt og levande kunst- og kultursentrum i Hjørundfjorden med vekt på å formidling av gamal byggeskikk, norsk kulturarv og tradisjonar, kunsthandverk og samtidskunst som held høg kvalitet.

Vi ønskjer å vere gode ambassadørar for Hjørundfjorden og Volda kommune innan reiselivssamanheng. Å bruke lokale ressursar i form av arbeidskraft og lokal mat er sjølvsagt. Menyen skal vere mest mogleg ureist, med bær og frukt frå eigen hage og råvarer frå lokale bønder. Vi ønskjer å stå fram som eit godt førebilete for andre som ønskjer å skape noko i små bygder.

Utstillingar

I tunet kan dei besøkande oppleve kunstutstillingar integrert i tunet sitt miljø. I år har vi nådd ein milepæl. Alle bygningane i Bakketunet er restaurerte. I 2020 markerer vi 10 års drift av tunet med utstillinga NOSTALGIA. Denne er å sjå i tunet gjennom heile sommarsesongen. I tillegg har vi eige program for nokre av dagane. Årets sommarutstilling Nostalgia viser ei gruppeutstilling med kunstnarar som tidlegare har stilt ut i tunet. På lista står blant anna Tor Arne Moen, Ørnulf Opdahl, Inger K. Giskeødegård og Simon Wågsholm

Servering

I år har vi flytta kafeen til grindløda for at gjestar betre kan halde avstand til kvarandre. I kaféen er det sal av tradisjonell kaffimat. I år satsar vi på sal av pizza på dagar med fint veir.

Vi ber om at besøkande tek omsyn til reglar for smittevern og held 1 m avstand til dei som ikkje er familiemedlemmar.

Opningstider

I 2020 opnar sesongen søndag 28. juni. Ope 12-17

laurdag 4. juli/ søndag 5. juli /

laurdag 11. juli / søndag 12. juli / INDIEFJORD/AVLYST

laurdag 18. juli / søndag 19. juli /

laurdag 25. juli / søndag 26. juli /

laurdag 1. aug / søndag 2. aug /

laurdag 8. augi / søndag 9. aug /

laurdag 22. juli / søndag 23. aug /

laurdag 29. aug / søndag 30. august juli / siste opne dag med utstillinga Nostalgia

Omvising og inngang utan om opningstid er 150,- kroner.

Inngang

Vaksne kr. 100,-

Sesongkort kr. 200,-

Born opp til 15 år går gratis.

Billettar kan kjøpast på førehand på TIKKIO

Grupper

Vi tek imot grupper for omvising og servering heile året. Kontakt oss for høgttenking og skreddarsaum.

[email protected] / 911 08 846

Følg oss gjerne på Facebook: Bakketunet på Bjørke

På Instagram: Bakketunet_hjorundfjord. Her deler vi mykje av livet på garden og i bygda på storyen.