BAdesKen: Ja, vi elsker dette landet

BAdesKen: Ja, vi elsker dette landet

Eit humorshow du ikkje har sett makan til! Rare og artige saker frå lokalavisene rundt om i landet har gjort BAdesKen til eit fenomen på sosiale media. No tar Ken André Ottesen med seg av...

Eit humorshow du ikkje har sett makan til!



Rare og artige saker frå lokalavisene rundt om i landet har gjort BAdesKen til eit fenomen på sosiale media.


No tar Ken André Ottesen med seg avisutklippa sine og legg ut på ein latterleg norgesturné for å fortelje folk om korleis dei og heimstaden deira eigentlig er.



Vil nordlendingane nokosinne lukkast med å banne vekk snøen? Er vestlendingar verkeleg mindre begava enn trøndarar? Er sørlendingar meir religiøse enn Jesus? Og er det eigentleg nokon andre enn austlendingar som bryr seg om austlendingar?



«Ja, vi elsker dette landet» er nyskrive kvar kveld, tilpassar seg geografisk og tar i særleg grad hensyn til innavl hos publikum.



Men først og fremst beviser BAdesKen at Norge ikkje berre er verdas beste land.

Det er også det artigaste!

Info: