Aud`s Cottages

Aud`s Cottages

Aud´s Cottages

I Nordfjord er det enkelt å gøyme seg litt vekk, om du ynskjer det, og oppleve den ekte kulturen! Aud´s Cottages har tre koselege, velutstyrte feriehus for utleige, eit er tilpassa rullestol.

Aud´s Cottages held til i den vakre og ville Myklebustdalen, med utsyn til brèen.
Fjellområda her grensar opp imot vestleg del av Jostedalsbrèen Nasjonalpark.

Feriehusa ligg ved Sandalsvatnet, der ørreten sprett....
Robåt på vatnet kan nyttast gratis, og du kan kjøpe fiskekort.

Her finn du ein...

Her finn du ein roleg feriestad, 10 min frå Byrkjelo og rv 39, men sentralt til mange kjende turmål, som Briksdalsbrèen, Vestkapp, Stryn, Jølster og Fjærland.
Også Geirangerfjorden og Ålesund kan du nå på ein dagstur.

Loen skylift (1000 m rett opp på 5 min!) ligg ca ein time unna.
Nordfjord Folkemuseum ligg i vårt koselege kommunesenter, Sandane, ved fjorden, og er vel verd eit besøk. Sandane har også innandørs basseng og klatrevegg, og eit spesielt flott turområde, Trivselsskogen.

Annestova, ei lita tømmerhytte, med nostalgisk atmosfære, for to personar. Enkelt kjøkken med komfyr, kjøleskap, kaffitraktar, vannkokar og mixar. Stove med peisomn. Bad med golvvarme. Koseleg loft med dobbeltseng. Bratt trapp. Dette er ei romantisk hytte for eit par!

Gardshuset Håja er sjarmerande i landleg stil, med 3 soverom, plass til 6 vaksne og 2 born. Dobbeltrom og bad nede, to soverom oppe. Barneseng og babyseng. Trappegrindar. Stove med vedomn. Velutstyrt kjøkken. Wi-Fi.

Ei nyare feriehytte, Nystova, har også 3 soverom, og plass til 6 (2). Bad og dobbeltrom samt rom med to sengar nede. Dobbeltseng, barneseng og småbarnseng oppe, samt ei `day bed` på loftsgangen. Trappegrindar. Stove med peisomn. Velutstyrt kjøkken. Wi-Fi . MERK: denne hytta er tilrettelagd for rullestol.

Ved kvar hytte er der parkering samt veranda el. terrasse med grill. Barnevenleg område. Romslege soverom med gode senger. Sengetøy for 4 er inkludert, om fleire kan dette leigast. Sluttvask kan kjøpast. Hytteprisar kr. 800 / 1200 pr natt.
Tilbod ved tidleg booking.

Info:

Attributes

Handikapvenleg
Dobbeltseng
Enkeltseng
Barnevenleg
Nærme naturen
Røykfritt
Fotturar
Nærme fjellområde
Utandørs parkering - Gratis
Innsjøområde
Fjellutsikt
Gratis Wi-Fi