CBIS 6244856
CBIS 6244857
CBIS 6244858

Aabrekk gard

Aabrekk Gard ligg øvst i den vakre Oldedalen i Stryn kommune. Vi tilbyr overnatting i nyrestaurert hus frå 1700- og 1800-talet, har servering for grupper og sel matvarer som er produsert på garden.

I Trollbutunet kan du bu i restaurerte hus frå 1700- og 1800-talet. Husa vart flytta hit i 1995. Tunet ligg i eit roleg område omkrinsa av høge fjell, frodiggrøne fjellsider, blåkvite brear og ville fossar som dansar nedover fjellsidene.
Vi har 23 sengeplassar fordelt på tre hus. I husa er det kjøkken, stove, soverom og wc/dusj. Soveroma er utstyrte med dyne og pute, og vi har sengety til leige. Kjøkkena er fullt utstyrte med komfyr og kjøleskap. To av hyttene har peisomn.