Aabrekk gard

Aabrekk Gard tilbyr overnatting i restaurerte hus frå 1700- og 1800-talet, frokost, middag, servering for grupper og sel matvarer som er produsert på garden. Produkta som vert levert frå garden er bas...

Aabrekk Gard tilbyr overnatting i restaurerte hus frå 1700- og 1800-talet, frokost, middag, servering for grupper og sel matvarer som er produsert på garden. Produkta som vert levert frå garden er basert på sterke tradisjonar, og ber namnet Lykle.
I Trollbutunet kan du bu i hus frå 1700- og 1800-talet. Husa vart flytta dit i 1995. Tunet ligg i eit roleg område omkrinsa av høge fjell, frodiggrøne fjellsider, blåkvite brear og ville fossar som dansar nedover fjellsidene.

Der er 23 sengeplassar fordelt på tre hus. Overnattingsplassane er fordelt over tre hus: to utleigehus og eit hus som består av ei leilighet i første etasje og to dobbeltrom med delt bad (bed & breakfast) i 2. etasje, med eigen inngang på baksida. I husa og leiligheta er...
I Trollbutunet kan du bu i hus frå 1700- og 1800-talet. Husa vart flytta dit i 1995. Tunet ligg i eit roleg område omkrinsa av høge fjell, frodiggrøne fjellsider, blåkvite brear og ville fossar som dansar nedover fjellsidene.

Der er 23 sengeplassar fordelt på tre hus. Overnattingsplassane er fordelt over tre hus: to utleigehus og eit hus som består av ei leilighet i første etasje og to dobbeltrom med delt bad (bed & breakfast) i 2. etasje, med eigen inngang på baksida. I husa og leiligheta er det kjøkken, stove, soverom og wc/dusj. Kjøkkena er fullt utstyrte med komfyr og kjøleskap.

SERVERING OG CATERING
I gamlelada (låven) kan ein feire store dagar eller arrangere slektstreff.
Her er plass til opp mot 90 personar for servering - i eit triveleg miljø.
Huset er bygd på grunnmurane av gamlelada frå 1895.
Nybygget stod ferdig i 2005.

CATERING
Catering på lokalmat og buffet kan på bestillast. Kontakt Aabrekk gard for meir informasjon.

FRUKOSTSERVERING OG MIDDAG
I gamlelada serverast frukost til overnattingsgjester, og andre som bestiller. Middag kan bestillast i hovedsesongen og etter avtale. Vi benytter lokale råvarer som bl.a kjekjøt, hjortekjøt, fisk, egg og ramsløk.

På Aabrekk Gard blir sjela lagt i å vidareføre tradisjonar overlevert i generasjonar. Mathistorie, råvarer og kvalitet er begrep vi formidlar gjennom gode bakevarer. Vi har solbær- og ripsbærbusker i hagen. Dette lagar godt syltetøy og saft av. Ein finn det på frukostbordet, til middag - og er ein heldig kan ein få kjøpe eit glas med heimelaga syltetøy. Om sommaren i Oldedalen lever geitene, sauene og storfe fritt og godt, leikande i vill, rein natur. I fjellsidene bak garden veks lyng og urteplantar, dynka i brevatn og bada i sommarsol.

Lykle er namnet på produkta som vert leverte frå Aabrekk Gard. Lykle finn du i eit utval av butikkar og hotell i Sogn og Fjordane. Du kan også kjøpe produkt direkte frå Aabrekk Gard.
Gardsmat av finaste kvalitet.

Info:

Attributes

Restaurant
Dobbeltseng
Enkeltseng
Barnevenleg
Nærme naturen
Fotturar
Nærme fjellområde
Landleg
Utandørs parkering - Gratis
Fjellområde
Nærme elv
Fjellutsikt