norsk   english   deutsch
Søk
Få stadar er landskapet meir variert og opplevingane så mangfaldige som i Nordfjord. På ei reise langs Nordfjorden vil du oppleve kontrastrik natur, frå mektige fjell, djupe vatn, fossar, isbrear og fjord til Stadhavet som slår inn mot kysten vår. Opplev brevandring, turar på fjorden eller rusle i sola på kvite sandstrender. Attraksjonane ligg som perler på ei snor. Kom til Nordfjord, og la naturen og menneska inspirere deg. Den som reiser får sjå.



Kart Nordfjord - Norge




Nordfjord Vandrefestival 7. - 15. august 2010


Følg oss på Facebook

Vinteren i Nordfjord


Stryn Skisenter © Kåre Tonning

Vinter i Nordfjord © Terje Rakke/Nordic Life/Fjord Norge
Sjå bilder frå vinter i Nordfjord her!


Et kvitt teppe av snø legg seg seg over den norske fjellheimen i november/desember, og legg forholda til rette for ei rekkje spennande aktivitetar. Det er berre å finne fram skia og kome seg til fjells. Anlegga tilbyr meir enn heisar og nedfartar. De fleste har fleire kilometer med oppkøyrde langrennsløyper, skiskular, nokre kan tilby barneheisar og gode serveringstilbod i kafeen. Afterski finn ein vanlegvis i sentrum på eitt av dei lokale pubane eller hotella.


Alpint/Snowboard/Telemark
Du finn flotte skisenter i Nordfjord tilpassa dine behov. Alpinanlegga i Nordfjord er Stryn, Harpefossen, Breimsbygda og Grendadalen. Dei fleste har barneskitrekk, skiutleige og skiskule. Og guida toppturar har ofte utgongspunkt frå skisentra.

Nytt i 2008! Felles skipass i Nordfjord og Sunnmøre
Denne vinteren vil fem skisenter i Nordfjord og på Sunnmøre selge ”Alpepasset” og etablere Vestlandets første skiregion. Strandafjellet, Turløype Stryn - Ullsheim © Turløyper StrynFjellsetra og Stordalen på Sunnmøre og Stryn Skisenter og Harpefossen Skisenter i Nordfjord vil kunne tilby eit regionpass som gir adgang til samtlige skisentre. Dette gjev adgang til 25 heisar og 53 nedfartar, i tillegg til fleire terrengparker og eventyrlig frikjøringsterreng. www.alpepass.no. Les omtale på nrk.no her, og Fri Flyt her.

Langrenn
Fleire kilometer med oppkøyrde løyper og endelause vidder med puddersnø. Nordfjord gir deg varierte moglegheiter og vanlegvis gode snøforhold. Vi kan skilte med nasjonale og internasjonaleVinter i Nordfjord © Terje Rakke/Nordic Life/Fjord Norge
langrennsløyper, som har vore arena for NM i 1996 Junior VM på ski i 2004. Her kan du oppleve stillheita i naturen, der du kun høyrer dine eigne stavtak, eller du kan bruke dei mest populære løypene, og gå saman med andre.


Toppturar
Det er også flotte alternativ for toppturar i Nordfjord. Her ruvar fjella frå nokre få hundre meter til vel to tusen meter over havet. Det er Vinter i Nordfjord © Terje Rakke/Nordic Life/Fjord Norgeogså mogleg å få med seg guide på toppturen. Les meir her

Surfing
Vinterstid er det ypperlege surfeforhold på Stad - ein av Norges beste surfespots! Surfarar frå heile verda valfartar til Stad. Les meir

Opplev vinterstormane på eit fyr
Kråkenes Fyr er eit velkjent landemerke, og her opplever du stormen og bølgene frå Stadhavet rett utanfor glaset. Kråkenes Fyr er heilårsope. Les meir

Les om dei ulike anlegga og aktivitetane her: Surfing i Hoddevika © Thomas Bickhardt
Vinter i Stryn
Vinter i Eid
Vinter i Gloppen
Vinter i Hornindal
Vinter i Selje
Vinter i Vågsøy

Pakkar med overnatting og aktivitetar
Skipakkar i Stryn

Nordfjord Vinterguide -Winter guideNyheit: Nordfjord Vinterguide - Winter guide
Her finn info om kva ein kan finne på i Nordfjord om vinteren. Her er mange aktivitetar både med og utan ski. Guiden tar også for seg overnatting i Nordfjord. Guiden er i liggande A5-format og har norsk og engelsk tekst.

Last ned Nordfjord vinterguide - Winter guide i pdf-format her eller fyll ut dette skjemaet for å få papirutgåva tilsendt - kostnadsfritt.

Book overnatting her!
Kontakt oss for å bestille overnatting. Vi kan hjelpe deg til å finne akkurat den overnattingsforma du er ute etter, eller benytt vår online booking. Klikk her for bestilling/forespørsel

Med ynskje om ei god vinteroppleving i Nordfjord!


Book her!



Vinter i Nordfjord © Terje Rakke/Nordic Life/Fjord Norge

Reisemål Stryn & Nordfjord

Din offisielle reiseguide i Nordfjord

Explore Fjord Norway



Olden © Hansa Briksdal Sparebanken Sogn og Fjordane
Kontakt ossOm RSNPresse/mediaImageshopBransjenettCruiseAnnonsering