Få stadar er landskapet meir variert og opplevingane så mangfaldige som i Nordfjord. På ei reise langs Nordfjorden vil du oppleve kontrastrik natur, frå mektige fjell, djupe vatn, fossar, isbrear og fjord til Stadhavet som slår inn mot kysten vår. Opplev brevandring, turar på fjorden eller rusle i sola på kvite sandstrender. Attraksjonane ligg som perler på ei snor. Kom til Nordfjord, og la naturen og menneska inspirere deg. Den som reiser får sjå.
|
 |
|
 |
|
Måløy fekk bystatus i 1997. Byen ligg ved Ulvesundet på øya Vågsøy, som kommuna er oppkalt etter, og vert knytt saman med fastlandet via ei 1.224 meter lang bru, ein gong Noregs lengste. Brua er eit flott byggverk som dannar ein majestetisk portal for all sjøgåande trafikk.
Det bur 6,288 personar i Vågsøy, og hovudnæringa er fiskeri, fiskeoppdrett og skipsverft. Vågsøy er den nest største fiskerikommuna i landet, og her ligg eit av landets mest moderne fiskeindustrianlegg.
Vågsøy dekkjer eit område på 165 km2.
Dei mest populære attraksjonane i Vågsøy er Kråkenes Fyr, Kannesteinen, Vågsberget og Refviksanden. Nytt i 2005 er guida vandringar i Måløy sentrum.
Måløy var hovudhamn for Tall Ships` Race 2008. Ein flåte på over 80 fartøy, derav mange av dei store og strålande skværriggerne i A-klassen frå heile verda var i Måløy by 1.-4.august 2008. Skipa sin ankomst markerte starten på fire minnerike dagar i Måløy, med eit spektakulært og gratis underhaldningsprogram for alle. Arrangementet sitt høydepunkt var avslutninga med Parade of Sail då alle skutene segla samla ut frå Måløy.
Hurtigruta har fast holdeplass i Måløy.
Turistinformasjon
Måløy sentrum +47 57 84 50 77
E-post: turistinfo@vagsoy.kommune.no
For opningstider klikk her
Booking overnatting: 57 87 40 53 eller mail@nordfjord.no
Frimerke med motiv frå Vågsøy
Posten sitt frimerkeprogram 2009 inneheld blandt anna motiv av Kannesteinen. Naturskapte fenomen og solid ingeniørkunst dannar spennvidda i turistfrimerka som vart laga for 2009. "...Fra atmosfæren over Andøya går turen ned til fjæresteinene på Vågsøy i Sogn og Fjordane. Her finner vi Kannesteinen. Den er blitt formet av hav og bølger gjennom tusener av år, og sannelig har naturkreftene vist seg som en dyktig kunstner. Så er da også den tre meter høye steinen en severdighet som tiltrekker mange turister. For dem er tilgangen lagt godt tilrette. Les meir på Posten sine nettsider her. Les meir om Kannseteinen her.
Nyttige linkar:
Veret i Vågsøy no og dei komande dagane
Vågsøy kommune
Fylkesleksikon - Om Vågsøy
Silda
www.maloyguide.no
Måløy Vekst
www.maaloy.no - oversikt over næringslivet i Vågsøy
|
|
|
 |
|
 |
|
Din offisielle reiseguide i Nordfjord
|