Få stadar er landskapet meir variert og opplevingane så mangfaldige som i Nordfjord. På ei reise langs Nordfjorden vil du oppleve kontrastrik natur, frå mektige fjell, djupe vatn, fossar, isbrear og fjord til Stadhavet som slår inn mot kysten vår. Opplev brevandring, turar på fjorden eller rusle i sola på kvite sandstrender. Attraksjonane ligg som perler på ei snor. Kom til Nordfjord, og la naturen og menneska inspirere deg. Den som reiser får sjå.
|
 |
|
 |
|
På kysten av Nordfjord, på dei 235 km2 bur det 3.050 personar, og i naturen finn ein både steile fjell og kvite sandstrender.
Selje er ein turistkommune som er rik på storslagen natur og spennande historie. Mange kjem hit for å besøkje Selje kloster som er tufta der helgenen St.Sunniva flaut i land og måtte gøyme seg vekk frå vikingane. Det er og St.Sunniva som prydar kommunevåpenet.
På Vestkapp ytterst på Stad får ein eit fabelaktig utsyn over det ville havet i området.
Sjølv om turismen er veldig stor i kommunen er også her landbruk og fiskeri viktigast, saman med fleire industriverksemder.
Gjennom året er det mange spennande arrangement i Selje, mellom anna Seljumannamesse, Sunnivadagane, Sunnivafestspela og mykje meir. Klikk her for arrangementsliste.
Turistinformasjon
Selje sentrum - heilårsope. Tlf 57 85 66 06. Fax 57 85 68 36. E-mail: sunniva1@start.no. Sjå her for opningstider
Booking overnatting: 57 87 40 53, mail@nordfjord.no eller fyll ut dette skjemaet.
Nyttige linkar:
Selje Kommune
Fylkesleksikon - om Selje
Om Fure i Selje
|
|
|
 |
|
 |
|
Din offisielle reiseguide i Nordfjord
|