Annonser

Bestill her





 
 

Annonsering

Vi tilbyr annonsering i brosjyremateriell, kart og på internett.

Internett

Vi tilbyr oppføring på nordfjord.no, fjordnorway.com og visitnorway.com.
Ta kontakt med ann-helen@nordfjord.no for pris og meir informasjon.

Nordfjord Reiseguide

Vi veit at våre gjester bruker guiden aktivt både i planlegginga og når dei reiser rundt i Nordfjord. Guiden er vårt viktigaste salsverkty, og du har høve til å gjere deg synleg! Nordfjord Reiseguide er mynta på turistar som vurderer å feriere i Norge. Brosjyra er også turistane sin viktigaste guide og oppslagsverk når dei kjem til Nordfjord. Som annonsør i denne brosjyra vert ditt produkt synleg i 100.000 brosjyrer som når norgesreisande frå inn- og utland.

  • Format/antal: Storleik A4 i 100.000 eksemplar
  • Språk: Norsk, engelsk og tysk (ei brosjyre for kvart språk)

Distribusjon

  • Fleire tusen førespurnader kvart år
  • Turistinformasjonane i Nordfjord, dei største turistkontora i Sør-Norge og turistinformasjonen på Svinesund
  • Messer og workshops i inn- og utland
  • Fjord Norge – landsdelsselskapet vårt
  • Ligg som E-katalog på visitnorway på markeda Sverige, Danmark, UK/Irland, USA/Canada, Tyskland og Nederland – her kan lesarane bla og lese i Nordfjord Reiseguide
  • Frå di eiga verksemd 
  • Lese (e-katalog), laste ned eller bestille Nordfjord Reiseguide frå www.nordfjord.no

Kvifor bør du kjøpe annonse?

  • Stort opplag, og tidleg levering og distribusjon (ferdig desember)
  • Produktet ditt blir synleg ute på messer og workshopar i inn- og utland
  • Bli synleg overfor fastbuande, tilreisande og andre reiselivstilbydarar
  • Turistane ser at ditt produkt er ein del av Nordfjord og Fjord Norge – verdas beste reisemål
  • Brosjyra vår er godt innarbeidd og kjem no ut for 20. gong!!
  • Samlar reiselivsprodukta i Nordfjord på ein stad, slik at det blir enklare for gjesten og for turistkontora å vise det totale tilbodet i Nordfjord.

Ta kontakt med beate@nordfjord.no for prisar og bestilling. 

Fjord Norge Reiseguide

Reisemål Stryn & Nordfjord tilbyr di bedrift å vere med på å profilere deg i Fjord Norge sin Reiseguide. Denne brosjyra vert brukt i kampanjar i regi av både Fjord Norge og Innovasjon Norge, og har vist seg å vere det viktigaste salsverktyet til det dyktige landsdelsselskapet vårt. Fjord Norge tek stadig vekk marknadsandelar frå resten av Norge og er det reisemålet i landet som er best besøkt av utanlandske turistar. I alle kampanjar og marknadar vert reiseguiden brukt som både ein appetittvekkjar og ein guide for gjester som ynskjer å besøke Vestlandet. Reiseguiden kan lastast ned frå Internett, og er også tilgjengeleg på alle våre turistkontor i Nordfjord.

  • Målgruppe: Turistar som planlegg å reise til Norge
  • Opplag: 440.000 eksemplar
  • Språk: 9 språk – norsk, tysk, engelsk, fransk, italiensk, spansk, japansk, russisk og nederlandsk! (Japansk versjon vert produsert utan gule sider).
  • Innhald: ca. 126 sider fordelt på profil- og faktainformasjon. Nordfjord vil vere representert med 1 fargeside og 2 gule sider.

Gule sider (faktadel)

Dei gule sidene i guiden er meint som ein faktadel der bedriftene presenterer fakta om produkta sine. Desse gule sidene er plassert midt i guiden, og innhaldet skal vere kort og informativt for å gje gjestene god informasjon til å planlegge turen sin. Vi kjem også i år til å presentere produkta i Nordfjord over minst 2 gule sider.

Fjord Norway Product Manual

Produktmanualen er spesiallaga for turoperatørar og beslutningstakarar, og vert brukt som salsverkty på Fjord Norge sine salsreiser, workshops og fagmesser. Produktmanualen blir også distribuert via Innovasjon Norge sine utanlandskontor og av ambassadar. Marknadsundersøkingar viser at turoperatørane er svært nøgde med produktmanualen, og at den har høg bruksverdi både som planleggingsverkty og som oppslagsverk.

Produktmanualen sikrar deg:

  • Tilgong til turoperatørane som sel reiser til Fjord Norge
  • At Fjord Norge representerer deg på fagmesser, workshops og gjennom årlege salssamtalar som Fjord Norge har med turoperatørar og viktige beslutningstakarar.
  • Representasjon i eit innarbeida produkt
  • Årleg distribusjon av nyhende, prisar og liknande gjennom faktahefta

Opplag:  12.000 eksemplar (Faktaheftet minimum 2 x 12.000 eks.)
Språk:  Engelsk
Innhald:  Ca. 100 sider i fullt fargetrykk (Faktaheftet ca 36 sider)

Sist oppdatert   22.11.2012  

Kontaktinformasjon

Reisemål Stryn & Nordfjord AS
Perhusvegen 24, NO-6783 Stryn
Tel. +47 57 87 40 40  
E-mail: mail(a)nordfjord.no

Booking: +47 57 87 40 53
booking(a)nordfjord.no

 

Logo DSN

Våre partnarar