Annonser

Vi søkjer turistvertar

Til sommarsesongen 2014 (medio juni - medio august) søkjer vi turistvertar til turistinformasjonane i Stryn, Olden og Måløy.

Stilling ledig: Turistvert Stryn og Olden
Foto: Ernst Riha
Stilling ledig: Turistvert Stryn og Olden
Foto: Lapoint

Reisemål Stryn & Nordfjord er eit destinasjonsselskap for kommunane Vågsøy, Selje, Eid, Gloppen, Hornindal og Stryn. Reisemål Stryn &Nordfjord utfører marknadsføring og produkttiltak i Nordfjordregionen. Turistinformasjon er ei av selskapet sine prioriterte arbeidsoppgåver.

Vi søkjer deg som er

  • over 18 år, bør ha sertifikat. 
  • har gode språkkunnskapar, særleg engelsk og tysk 
  • er fleksibel, serviceinnstilt og utadvent.

Løn etter tariff.

Kortfatta søknad med CV (ikkje attestar, vitnemål o. l.) sendast skriftleg eller på e-post til:

Reisemål Stryn & Nordfjord AS
Perhusvegen 24, 6783 Stryn
mail@nordfjord.no  
Søknad merkast: T-info

Søknadsfrist: 1. mars 2014  

 

Spørsmål om stillinga kan rettast til Eli Folven på tlf.  57 87 40 53.

Sist oppdatert   17.01.2014  

Kontaktinformasjon

Reisemål Stryn & Nordfjord AS
Perhusvegen 24, NO-6783 Stryn
Tel. +47 57 87 40 40  
E-mail: mail(a)nordfjord.no

Booking: +47 57 87 40 53
booking(a)nordfjord.no

 

Logo DSN

Våre partnarar