Annonser

Merking og gradering av turløyper

Like før jul 2010 beslutta Gjensidigestiftelsen å gje 10 millionar kroner til arbeidet med å implementere ein felles skiltmal for turløyper på Vestlandet. Midlane vart fordelt over to år med første søknadsfrist 19. mars 2011. Reisemål Stryn & Nordfjord samordna då ein felles søknad for Stryn, Hornindal, Gloppen, Eid, Vågsøy og Selje kommunar og fekk i første runde tildelt midlar til vel 30 turløyper. Andre søknadsrunde er i 2012 og har søknadsfrist 15. februar.

Vågsøy
Vågsøy
Foto: Thomas Bickhardt/BickFoto
Harpefossen
Harpefossen
Foto: Dimitri Koutsomytis/Gjensidigestiftelsen

Informasjon om søknad i 2012:


Prosjektmidlane for 2012 er no lyst ut og vil også bli lagt ut på fylkeskommunen etter kvart. Det vil i vurderinga av søknadane bli lagt vekt på at kommunar og reisemålsselskap medverkar til å samordne prosjekt innanfor sine område, slik at dei søknadane som kjem inn er samordna prosjekt (heller enn små enkeltprosjekt). Det vert difor oppmoda til at lokale lag/organisasjonar, grendalag, reiselivsbedrifter, osv. tek kontakt med kommunen og reisemålsselskap slik at ein kan samordne med andra tilsvarande søkjarar (innanfor same område/kommune/reisemål). 

Prosjekt og innspel til turar som bør vere med i søknaden frå Reisemål Stryn & Nordfjord kan sendast til eli@nordfjord.no fortløpande og innan 5. februar slik at vi får sett opp ei prioriteringsliste og budsjett over turane som bør vere med i søknaden som har frist 15. februar.

Sjå også:

Merking og graderingsprosjektet i Nordfjord


Søknaden til Gjensidigestifringa 19. mars 2011 førte til midlar til merking og gradering av over 30 turløyper i Nordfjord fordelt på kommunane Stryn, Hornindal, Gloppen, Eid, Vågsøy og Selje. Sjå meir informasjon om prosjektet.

Informasjon frå søknadsprosessen i 2011:

 

 Sjå også: VG.no (30.01.2011): Fargemerker turløypene etter vanskelighetsgrad

Før du søker ber vi deg om å sette deg inn i følgende bakgrunnsinformasjon:

 

Stor interesse for kurs i merking og gradering av turløyper

Kurs om "Nasjonal standard for merking og gradering av turløyper" i Sogndal 8.februar 2011 samla nærmare 60 deltakarar. Oppslutnaden om kurset tyder på at mange i Sogn og Fjordane ynskjer å søkje tilskot til merking og gradering av turløyper.  På kurset var det deltakarar frå mange typar organisasjonar, mellom anna grendalag, turlag, kystlag, idrettslag, reisemålsselskap og kommunar. Kurset hadde fokus på nasjonal standard for merking og gradering, med presentasjon av praktisk eksempel fra Kvinnherad, samt orientering om utlysing av midlar.

Last ned presentasjonane frå kurset her!


 

Sist oppdatert   08.02.2012  

Kontaktinformasjon

Reisemål Stryn & Nordfjord AS
Perhusvegen 24, NO-6783 Stryn
Tel. +47 57 87 40 40  
E-mail: mail(a)nordfjord.no

Booking: +47 57 87 40 53
booking(a)nordfjord.no

 

Logo DSN

Våre partnarar