Annonser

Bestill her






 
 
TRAVEL OFFERS
Fotograf: Terje Rakke/Nordic Life/Fjord Norge

Fjelltur for heile familien

Villmarkslunch og utstyr inkludert.

Frå 600,- per person

Klikk for flere detaljer

 
Fotograf: Harpefossen Skisenter

Topptur med Norway AdvenTURes

Guida toppturar med Norway AdvenTURes i midtre Nordfjord

Frå 600 per pers.

Klikk for flere detaljer

 
Fotograf: Erlend Dannatt

Toppturveke med Bergtatt Stryn

Seks dagar med toppturar i Stryn, Sunnmørsalpane og Jotunheimen. Alt inkludert!

11.700,- per person

Klikk for flere detaljer

 
Fotograf: Jan Erik Sandbakk

Toppturar med Briksdal Adventure

Guida turar i Stryn og i resten av Alpepass regionen.

Frå 1.200 per person

Klikk for flere detaljer

 
Fotograf: Terje Rakke/Nordic Life/Fjord Norge

Toppturar med Bergtatt Stryn

Guida toppturar i Nordfjord, Sunnmøre eller Jotunheimen.

Fra 700,- per person

Klikk for flere detaljer

 
Topptur Skåla

Toppturar i Nordfjord

Fjella i Nordfjord ruvar opp til vel 2000 m.o.h., så her fins det utallige toppturmoglegheiter. Fleire guidefirma tilbyr turar. Nokre av desse har også kursvirksomhet knytt til fjell, snø og bre.

Toppturar
Foto: Terje Rakke/Nordic Life/Fjord Norge

Skåla (1843)

Skåla er regnet for ein av dei mest spektakulære fjellturane i landet. Vinterstid, med førstesporgaranti! Sommerstid vrimlar det av folk rundt den spesielle steinhytta på toppen, men vinterstid kan vi nesten love førstesporgaranti både opp og ned. Frå parkeringsplassen føl du traktorveg som seinare blir til sti oppover i Fosdalen. Kryss elva på rundt 650 høgdemeter. Deretter ventar 400 høgdemeter med vedvarande brattheng opp til Skålavatnet. Fortsett søraustover inn i botnen, og ta herifrå opp til venstre mot den breide ryggen som leder til toppunktet. Nedtur same veg. Turen til Skåla kan tross sitt rykte gåes heile vinteren utan stor fare for skred, men det krev god sikt og god vurderingsevne. La denne turen vente om det er nedbør eller tåke! Dette er ein moderat/krevende tur på 5 ca timar. Turen startar nesten i fjæresteinane, på parkeringsplassen ca halvannan kilometer frå Loen sentrum. Les omtale og kommentarar om Skåla på FriFlyt.no

Kyrkjenibba (1400 moh)

Kyrkejenibba er en av dei mest markante fjella i umiddelbar nærhet til Stryn. Nokre kallar utsikta frå denne toppen den vakraste i Indre Nordfjord. Den vanlegaste varianten startar fra garden Skår/Garlid på ca 300 moh. Ein kort tur på stien rett opp frå Skår leier deg inn på ein betre sti på vestsida av elvejølet i Skårdalen. Innerst ved den gamle setra, er det vanlegvis kurrant å krysse elva (seint på våren må du kanskje lenger opp i dalen). Gå oppover i Stordalen, først i botnen, deretter skråar du oppover mot høgre for å unngå rasutsette heng i nordvesthellinga i botnen av dalen. Oppå skuldra er det berre å gå mot toppen i god avstand frå eventuelle hengeskavlar. Brattkøyrarar kan fint køyre "framsida" på stabil vårsnø. Følg RV 15 mot Strynefjellet, ca 1 mil frå Stryn sentrum tek du av mot Flo, men ta så første grusveg oppover til venstre og følg denne til endes. Kyrkjenibba kan også nåast frå Kyrkjeeidestølen og opp Fagerdalen (FriFlyt.no).   

 

Sisiliekruna (1717 moh)

Sisiliekruna ligg majestistisk vest for Oldevatnet, med utsikt mot Lodalskåpa og Storbreen. Toppen er eit slags platå med to identiske "horn" på kvar side. Det fins to alternative vegval til toppen av dette flotte fjellet. Desse kan kombinerast slik at turen til topps blir ein "rundtur". Det første alternativet startar ved Dragesetstøylen og opp i spredt småskog opp til Storeloga. Derifrå går turen langs rygg som smalnar av opp på Storlogpiken (1554). Nå er du oppå ein fantastisk fjellrygg som du føl fram til skaret under toppen. Alternativ to er å gå dalen vidare innover fra Hildestøylen. Hold dalbunnen ved Fessene, men trekk oppover bratthenga til høgre etterkvart - slik at du kjem inn i markert søkk ved vatn 1258, Herifrå køyrer du 50 høgdemeter ned på breen og føl denne opp til skaret aust for toppen. Dette alternativet anbefalast som ein vårtur då den er skredutsatt og då det av og til dannes ei sprekk i toppen av breen. Siste stykket opp frå skaret finn du ut av sjølv. Turen opp til dette fjellet startar ved Innvik. Køyr på relativt dårleg skogsveg herfrå (kan være gjørmete om det er vått) så langt du kjem inn mot Hildestøylen (FriFlyt.no).

Hornindalsrokken (1526 moh)

Spektakulær topp som er enkelt tilgjengelig fra Kjellstaddalen. Byr på flott utsikt og muligheter for flott nedkjøring. Turen er best frå desember til mai. Hornindalsrokken ligg på grensa mellom tre kommunar (Hornindal, Stranda og Ørsta) og mellom Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal fylke. Frå Hellesylt er det i underkant av 10 km. opp til lysløypa. På høgre side av vegen kan du køyre inn ein grusveg og parkere. Kjennemerke på vegen er speilet som er montert på motsatt side. (Les omtale i www.friflyt.no)

Toppturar rundt Stryn Skisenter

Stryn blir ofte karakterisert som eit toppturmekka. "...Steindalheisen er toppheisen i anlegget, og stopper på 1000 moh. Heisen har bare vært her i noen år, og har åpnet senteret for flere bakker og mye frikjøring. Der skitrekket stopper, ser du mot de fire toppene som rammer inn anlegget; Hestefjellet (1303), Natakupa (1400), Kyrkjeniba (1400) og Gryta (1032). De er alle noen ganske enkle timers gange og traversering fra Steindalsheisen og byr på prima frikjøring..." Les artikkel på DinSide Reise.

Fjellguidar 

Fleire guidefirma tilbyr turar til toppar i og utanfor Nordfjord. Nokre av desse har også kursvirksomhet knytt til fjell, snø og bre.

Bergtatt Stryn 

Norway AdvenTURes 

Briksdal Adventure 

Nordfjord Adventure 

Nyttige lenkjer

Svedje og Fjell Blogg

Sist oppdatert   16.04.2010  
RELATERTE PRODUKTER

Copyright © Bergtatt Stryn

Stryn

Bergtatt Stryn - Topptur på ski

Bergtatt Stryn guidar toppturar i indre Nordfjord, Sunnmørsalpane og Jotunheimen. Stor variasjon frå korte enkle turar til krevande fulle dagsturar. Minimum 3 personar, maksimum 16 personar i to grupper. Bergtatt Stryn har spesialisert seg på...

Norway Adventures

Bremanger

Norway Adventures - Toppturar

Norway AdvenTURes er natur- og skientusiastar, og deler gjerne våre beste opplevingar med deg i fjella i Nordfjord. Toppturar, frikøyring, trugeturar, skikurs og familieferiar.


Copyright © Rune Holen

Stryn

Briksdal Adventure - Topptur

Briksdal Adventure tilbyr guida toppturar i fjella rundt Stryn. Skreddarsydde opplegg for grupper.


 
 
  
Reisemål Stryn & Nordfjord • Tinggt. 3 • NO-6783 Stryn • Tel.: +47 57 87 40 40 • Fax +47 57 87 40 41 • mail@nordfjord.no
 
/>