Annonser
Innerst i Nordfjord finn du Stryn og Hornindal, og her glitrar breane mellom smale dalar, og her finn du Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. I midtre Nordfjord kjem du til Gloppen og Eid. Her er fjorden breiare, sjølv om Hyenfjorden er dramatisk nok. Lenger ute i Nordfjorden møter vi Vågsøy og Selje, og her kjenner du havlufta fylle lungene dine. Den som reiser får sjå.
Nordfjord ligg lengst nord i Sogn og Fjordane fylke, lengst vest i Norge, og er enkel å kome til enten du kjem med fly, båt, buss eller bil.
Det er mange alternative måtar å kome seg rundt i Nordfjord på: buss, leigebil, eigen bil. Du kan og leige helikopter!
Det er godt å kome seg rundt på eiga hand. Her finn du oversikt over bil, båt og sykkelutleige.
Her finn du oversikt over oversikt over alle turistkontora i Nordfjord. Våre turistvertar kan hjelpe deg med informasjon om aktivitetar, attraksjonar, arrangement og overnatting.
Nordfjord består av kommunane Stryn, Hornindal, Gloppen, Eid, Vågsøy og Selje.
Kredittkort vert akseptert dei fleste stadar, og minibank finn du i nesten kvar tettstad. Postkontor fins i dei fleste kommunar, og andre stadar er det "Post i butikk".
Her finn du oversikt over legekontor, legevakt og apotek i Nordfjord