Annonser

Bestill her






 
 
Brosjyrer

Vinter med fjordutsikt

Eit kvitt teppe av snø har lagt seg over Nordfjord, og skisesongen er endeleg i gong! Kos deg i preparerte skiløyper, i alpinbakkane eller i laussnøen. Gå til Nordfjord sine offisielle vintersider! 

Vinter i Nordfjord
Foto: Kåre Tonning
Nordfjorden
Nordfjorden
Foto: Thomas Bickhardt/BickFoto

Alpint/Snowboard/Telemark

Du finn flotte skisenter i Nordfjord tilpassa dine behov. Alpinanlegga i Nordfjord er Stryn, Harpefossen, Breimsbygda og Grendadalen. Dei fleste har barneskitrekk, skiutleige og skiskule. Og guida toppturar har ofte utgongspunkt frå skisentra.

Felles skipass i Nordfjord og Sunnmøre

Seks skisenter i Nordfjord og på Sunnmøre sel ”Alpepasset” og har såleis etablert Vestlandets første skiregion. Strandafjellet, Fjellsetra, Stordalen og Ørsta på Sunnmøre og Stryn Skisenter og Harpefossen Skisenter i Nordfjord tilbyr eit regionpass som gir adgang til samtlige skisentre. Dette gjev adgang til rundt 30 heisar og 60 nedfartar, i tillegg til fleire terrengparker og eventyrlig frikjøringsterreng. www.alpepass.no.

Langrenn

Fleire kilometer med oppkøyrde løyper og endelause vidder med puddersnø. Nordfjord gir deg varierte moglegheiter og vanlegvis gode snøforhold. Vi kan skilte med nasjonale og internasjonale langrennsløyper, som har vore arena for NM i 1996 Junior VM på ski i 2004. Her kan du oppleve stillheita i naturen, der du kun høyrer dine eigne stavtak, eller du kan bruke dei mest populære løypene, og gå saman med andre.

Toppturar

Det er også flotte alternativ for toppturar i Nordfjord. Her ruvar fjella frå nokre få hundre meter til vel to tusen meter over havet. Det er også mogleg å få med seg guide på toppturen.

Surfing

Vinterstid er det ypperlege surfeforhold på Stad - ein av Norges beste surfespots! Surfarar frå heile verda valfartar til Stad.

Opplev vinterstormane på eit fyr

Kråkenes Fyr er eit velkjent landemerke, og her opplever du stormen og bølgene frå Stadhavet rett utanfor glaset. Kråkenes Fyr er heilårsope.

Sist oppdatert   08.12.2011  
RELATERTE PRODUKTER

Copyright © Terje Rakke/Nordic Life/Fjord Norge

Stryn

Bergtatt Stryn

Bergtatt Stryn organiserer arrangement / events for bedrifter og grupper. Dei legg ulike aktivitetar til rette for enhver årstid. Stegjern, isøks, ski, truger, terrengsykkel og kajakk er klar til bruk. Multisport events gjer mange kombinasjonar...

Copyright © Harpefossen Skisenter

Eid

Harpefossen Skisenter

Eit allsidig skisenter med eit variert og rikt tilbod til alle som likar aktivitetar på ski eller snøbrett.


Copyright © Kåre Tonning

Stryn

Stryn Vinterski

Stryn Skisenter kan tilby gode tilhøve for alle brukarar, og har totalt 12 km preparerte nedfartar. Området er godt tilrettelagt for born. Eit godt utbygd langrennsløypenett ligg like ved. Vi har gode parkeringstilhøve og varmestove med enkel servering.

Copyright © Turløyper Stryn

Stryn

Turløyper Stryn

Stryn Skisenter kan tilby gode tilhøve for alle brukarar, og har totalt 12 km preparerte nedfartar. Området er godt tilrettelagt for born. Eit godt utbygd langrennsløypenett ligg like ved. Vi har gode parkeringstilhøve og varmestove med enkel servering.


Copyright © Breimsbygda Skisenter

Gloppen

Breimsbygda Skisenter

Skisenter på Utvikfjellet, 600 meter over havet. 4 skiheisar og 3 km lysløype for langrenn. Bakke tilrettelagt for handikappa. Kafé og varmestue med liten meny. Skiutleige.


 
 
  
Reisemål Stryn & Nordfjord • Tinggt. 3 • NO-6783 Stryn • Tel.: +47 57 87 40 40 • Fax +47 57 87 40 41 • mail@nordfjord.no
 
/>