Nordfjord har massevis å by på til påsketuristane. Alpinanlegg og langrennsløyper, toppturar og opplevingar utan ski på beina. Hotell og hytter har ope, og i tettstadane finn du shopping, restaurantar og koselege kafear.

Massevis å finne på for heile familien!
Foto: Terje Rakke/Nordic Life/Fjord Norge

Foto: Nordfjord Hotell
Aktiv påske
Skianlegga melder om fine forhold, og det er preparert milevis med langrennsløyper i regionen. Fleire stadar organiserer guidefirma toppturar eller padleturar i kajakk, eller fartsfylt tur i RIB-båt, og dei lokale turlaga tek deg med på fyrvandring og måneskinnstur i fjellet.
Toppturtid!
Påska er høgsesong for toppturar. Entusiastiske og flinke guidar tek deg med på dei beste toppane. Om du er trygg på eigne kunnskapar og ferdigheter har vi nokre gode forslag til deg. Skåla i Loen har fleire gongar blitt kåra til ein av dei flottaste toppturane i Norge. Hugs alltid å vurdere skredfare og andre sikkerhetsaspekt når du legg ut på tur.
For dei som vil slappe av
I tettstadane kan du shoppe eller gå på kafe, eller kva med eit besøk på eit av våre spa-hotell? Det er også mange attraksjonar som er tilgjengelege, sjølv om snøen framleis ligg rundtom.
Det skjer i påska
Det er mange arrangement rundt om i heile Nordfjord i påska, både idretts- og kulturarrangement. På våre arrangementssider finn du oversikt over dei fleste. Opplev kunstløypa i ytre Nordfjord og søre Sunnmøre som omfattar sju forskjelle galleri, eller besøk eit av våre fyr.
Shopping
Handelstilboda i Nordfjord er rike og varierte. Av klede som framleis er merka "Made in Norway", kunne ein stor del vore merka "Made in Nordfjord". Motekleda frå Moods of Norway og Ricco Vero, dei klassiske herredressane frå Frislid Konfeksjon, skjortene frå Skjortefabrikken Selje og fritidsklea frå Skogstad Sport, er alle døme på kjende produkt som har hovudsete i Nordfjord. Hos Fryd-butikken i Stryn kan du også kjøpe nordisk design.
Vis fjellvett
Snøsituasjonen og veret kan gjere forholda i fjellet utrygge nokre stadar. Snakk alltid med erfarne folk, og vis varsemd.
Treng du overnatting?
Vi har full oversikt over overnattingsstadane i Stryn, Hornindal, Eid, Gloppen, Vågsøy og Selje. Book online, ring 57 87 40 53 eller send ein e-post til booking@nordfjord.no, så hjelper vi deg å finne akkurat den overnattingsstaden du er ute etter.
God påske, og velkomen til Nordfjord!