Leigebil
Fleire bilutleigefirma held til i Nordfjord. Nokre firma har henteavtale, medan andre kun har utleige for tur/retur. Her finn du oversikt over firma som dekkjer heile Nordfjord, samt lokale firma. Les meir
Buss
Det er fint å bruke rutebuss som transportmiddel i ferien. Ekspressbuss kombinert med lokalruter gjer at du kjem deg greitt fram til dei mest kjende attraksjonane i distriktet. Det er lurt å planlegge tur/retur. Her finn du oversikt over alle lokale bussruter: www.ruteinfo.net
Ekspressbussar køyrer over større strekningar, direkte frå by til by. Nor-Way Bussekspress tek deg dit du skal og har plassgaranti - som betyr at dei set opp ein ekstra buss dersom setet er opptatt.
Turistrute med buss til Briksdalsbreen
Med Brebussen er det mogeleg å ta ein dagstur til Briksdalen for å oppleve den vakre Briksdalsbreen. Bussen køyrer frå rutebilstasjonen i Stryn og ventar ved Briksdalsbre Fjellstove.
Taxi
Nokre gongar passar ikkje busstidene for alle, og då er det greit å ha taxi som eit godt alternativ.
Stryn Taxisentral: Tel. 57 87 23 50. Fax 57 89 10 65
Oppstryn Taxi: Tel. 958 48 118 www.oppstryntaxi.no
Olden Taxi: Tel. 950 86 146
Hornindal Taxi: Tel. 906 79 666
Eid Taxisentral: Tel. 57 86 08 09
Gloppen Taxi: Tel. 57 86 60 50
Vågsøy Taxi: Tel. 57 85 13 52
Selje Taxi: Tel. 57 85 64 86
Ferje
Sjølv om det er bygt fleire bruer og undersjøiske tunnelar, er fergene framleis avgjerande for å binde Vestlandet saman. Det er fire ferjestrekningar i Nordfjord: Lote-Anda, Stårheim-Isane, Måløy-Oldeide og Smørhamn-Kjelkenes. Her finn du alle ferjerutene i Sogn og Fjordane
Ekspressbåtar og skyssbåtar
Ekspressbåtar seglar opp og ned kysten, kryssar ope hav og tek deg med til byar og tettstadar, fiskevær og øyar - store og små. Du kan hoppe av akkurat der det fristar. Sightseeingbåtar tek deg med til fantastiske stadar og deretter tilbake til utgangspunktet.