Annonser

Nasjonal Turistveg Gamle Strynefjellsvegen

Den over 100 år gamle vegen mellom aust og vest er ei oppleving i seg sjølv. Gamle handlaga murar av nøye tilhogge stein og lange rekkjer av stabbesteinar kjenneteiknar strekninga over fjellet.

Gamle Strynefjellsvegen
Foto: Jarle Wæhler/Statens Vegvesen

I gamle dagar var det mange ruter over fjellet som vart brukt til kløving og riding, men det var strabasiøse og tunge turar. Derfor vart det i 1881 bestemt å byggje veg, og rallarar frå Sverige og lokale krefter gjekk i gang med det tunge anleggsarbeidet. I 1884 stod vegen klar, og den ligg der framleis som eit minnesmerke over ei tid som har gått.

Grotli, ved den austre delen av vegen, var frå tidligare møtepunkt for reisande mellom aust og vest, og i gamle dagar kom mange cruiseturistar hit for å oppleve norsk fjellnatur. Vegen byr alltid på ein vakker køyretur og i sterke haustfarger er den i særklasse.

Nasjonal turistveg gamle Stynefjellsvegen går mellom Grotli og Videsæter. Strekninga er 27 kilometer lang.

Vegen er vinterstengt og er open frå tidleg i juni til snøen kjem.

Last ned informasjonsark om Gamle Strynefjellsvegen her.

 

 

Sist oppdatert   03.10.2012  
RELATERTE PRODUKTER

Copyright © Kurt Skagen

Stryn

Gamle Strynefjellsvegen - Nasjonal Turistveg

Vegen er ein nasjonal turistveg (bygd i 1894), og slynger seg over fjellet mellom Stryn og Skjåk. Grusvegen var lenge det einaste sambandet mellom aust-vest. Langs vegen kan du lese om landskapet, geologien og naturen. I 2009 vart den nasjonale...

Copyright © Nils P. Støyva

Stryn

Øvstefoss

Øvstefoss ligg langs den nasjonale riksvegen (RV 15) i enden av Hjelledalen, nokre hundre meter før avkøyrsla til Gamle Strynefjellsvegen. Opplevingspunktet ved Øvstefoss vart opna i mai 2010. Stien ned til utsiktspunktet ved fossen er sikra med...


Copyright © Reisemål Stryn & Nordfjord

Stryn

Videfossen (Buldrefossen)

I enden av Hjelledalen, ved den gamle Strynefjellsvegen ligg Videfossen (også kalla Buldrefossen). Her stuper vatnet med bulder og brak ned i dalbotnen. NB! Ver oppmerksom på at det er parkeringsavgift på parkeringsplassen....

Copyright © Hjelle Hotel

Stryn

Romantiske dagar ved Nasjonal Turistveg Gamle Strynefjellsvegen

To netter på sjarmerende og romantiske Hjelle Hotel fra 1896, i fredelege og vakre omgivnader. Ligg ved Oppstrynsvatnet og Nasjonal Turistveg Gamle Strynefjellsvegen. Prisen inkluderer frokost og middag....


Copyright © Frode Sunde/Stryn Sommerski

Stryn

Stryn Sommerski

Kva med ein skiferie i midt på varmaste sommaren? Høge fjell og nordisk klima gjer skikøyring mogleg nesten heile året. Stryn Sommerski er det mest kjende sommarskisenteret i Nord-Europa, med flotte forhold gjennom sommaren. Ved den 100 år gamle...


Kontaktinformasjon

Reisemål Stryn & Nordfjord AS
Perhusvegen 24, NO-6783 Stryn
Tel. +47 57 87 40 40  
E-mail: mail(a)nordfjord.no

Booking: +47 57 87 40 53
booking(a)nordfjord.no

 

Logo DSN

Våre partnarar