Annonser

Bestill her





 
 

Med bil

Å oppleve Nordfjord frå bilen er en behageleg måte å utforske landskapet på. Mange av vegane gir flott utsikt, og trafikken er liten i forhold til mange andre stadar.

Med bil
Foto: Christian Houge/IN

Avstandar til Nordfjord frå:


OSLO via Otta (E6 og RV15) ca 500 km
OSLO via Fagernes ca 470 km
BERGEN via Lavik (E39) ca. 250 km
TRONDHEIM via Otta (E6 og RV15) ca 450 km
ÅLESUND (E39 eller RV60) ca 150 km


Vis større kart

Det fins mange flotte alternativ til dagsturar i Nordfjord, eller med Nordfjord som base.

Det er viktig å ikkje undervurdere tida det tek å køyre. Sjølv om avstandane kan sjå korte ut er mange av vegane våre bratte og svingete, som kan forsinke reisetida. Dersom du er vant med å køyre i by, bør du køyre forsiktig på dei opne landvegane. Ver også merksam på at nokre av vegane på Vestlandet er vinterstengde. Dette gjeld t.d. Gamle Strynefjellsvegen, vegen frå Strynefjellet ned til Geiranger, Trollstigen, Snøvegen etc. Sjå trafikkmelding for fjellovergongane her.

Ferjeruter

Det er fire ferjestrekningar i Nordfjord: Lote-Anda, Stårheim-Isane, Måløy-Oldeide og Smørhamn-Kjelkenes. Klikk her for ferjeruter (Fjord1).

Vegmeldingar og ruteplanleggar

www.visveg.no er ei nyttig side for planlegging av reiseruter. Her finn du oversikt over avstandar, køyretid, bomstasjonar m.m.

For oppdaterte vegmeldingar sjå Vegvesenet si trafikkmeldingsside. 

Viktig informasjon om vegarbeid på strekningar i og rundt Nordfjord

   

Rv 258 Gamle Strynefjellsvegen

Vinterstengt.

Rv 15 Stryn - Lom

Vedlikehaldsarbeid i tunnelane på Strynefjellet. Så www.vegvesen.no for oppdatert informasjon. 

Dagsturar

Finn gode bilturar for Nordfjordferien. Kanskje veit du allereide kvar du skal, eller kanskje ikkje. Uansett er bilturen som passar deg best berre eit klikk unna.

Høge fjell og smale fjordar (120 km)
Stryn - Geiranger - Hellesylt - Hornindal - Stryn. Dette er klassikaren når det gjeld fjell og fjord. Turen tek deg gjennom Strynedalen, opp til Strynefjellet og vidare ned svingete vegar til Geiranger. Der ventar ein times ferjetur på den majestetiske Geirangerfjorden.

Nordfjord på langs (140 km)
Stryn - Nordfjordeid - Selje - Hoddevik. Innerst i Nordfjorden er fjella høge, og dekte av snø og brear. Så opnar landskapet seg, og fører deg langs Hornindalsvatnet, til Eid og utover mot kysten. Der tek Vestkapplatået imot oss med panoramautsyn over hav og klipper.

Kystruta
Selje - Vågsøy. Opplev Vestkapp med panormautsikt over havet, sandstrender, fiskevær, fyr og merkelege naturfenomen.

Historieruta
Sandane - Selje. På Sandane i Gloppen vitjar vi Nordfjord Folkemuseum, og får innblikk i korleis livet fortona seg for Nordfjordingane i tidlegare tider. Vi fortset vidare utover mot Selje der vi set oss i båt og vitjar Selje kloster og får lære segna om St.Sunniva. På vegen stoppar vi og ser på spor etter Vikingane.

Opplev breane
Briksdalen - Lodalen - Sommarskisenteret. I Nordfjord glitrar breane mellom smale dalar. Med sine 487 m2 er Jostedalsbreen den største breen på det europeiske fastlandet. Dei mest kjende brearmane er Briksdalsbreen og Kjenndalsbreen. Stryn Sommerskisenter er også basert på ein bre. På Jostedalsbreen Nasjonalparksenter kan du lære meir om landskapet rundt breen.

Ålesund
Ålesund er ein oase for alle som er interessert i Jugendarkitektur. Atlanterhavsparken, eit av dei største akvarieanlegga i Nord Europa. 2,5 time frå Nordfjord.

 

Sist oppdatert   08.12.2011  
RELATERTE PRODUKTER

Copyright © CH/Innovation Norway

Eid

Ladestasjonar for EL-bil, Eid

Fire ladepunkt for EL-bilar i Eid sentrum: Parkeringsplass på Almenningen Ved Eid rådhus Ved Eid idrettshus Ved Eid ungdomsskule Det er to ladepunkt på kvar stad og foreløpig er det gratis å lade. Brukarar kan vende seg til servicekontoret i Eid...


Kontaktinformasjon

Reisemål Stryn & Nordfjord AS
Perhusvegen 24, NO-6783 Stryn
Tel. +47 57 87 40 40  
E-mail: mail(a)nordfjord.no

Booking: +47 57 87 40 53
booking(a)nordfjord.no

 

Logo DSN

Våre partnarar