Eggenipa er landemerket i Breim, og blir no arena for løpet Eggenipa Opp. Fjellet har ei høgde på 1338 m.o.h.
Både trim- og konkurranseklasse. Start frå Egge (165 moh). Total stigning på 1173 m.
Trimklassa vert sendt av garde frå morgonen av og fram mot klokka 12, då konkurranseklassa startar. Starten er ved det særmerkte silomåleriet på Egge, 6 km. sør for Byrkjelo. Breimsbygda Idrettslag står som arrangør for 3. året på rad. Turen til toppen er betre tilrettelagt for familiar etter at nokre hjelpekjettingar vart bolta fast. Yngste deltakar i turklassa i fjor var kun 5 ½ år. Eggenipa er blant dei mest spektakulære og spesielle toppane i fylket. Ta med familie og vener og delta denne dagen.
I konkurranseklassa kan arrangøren blant anna lokke med pengepremie på kr. 10.000 til vinnar med løyperekord både i dame og herreklassa. Påmelding seinast 1 time før start.