Øya Selja ved Stad har vore mål for pilegrimar frå den fyrste kristne tid i Noreg. Seljumannamesse er ein merkedag i kyrkjeåret, og i det høvet er det årleg stort stemne med gudsteneste i klosterruinane. Legenda om St. Sunniva, fyrste norske og vår einaste kvinnelege helgen, er knytt til denne staden. Der var fyrste bispesete for Vestlandet og fram mot reformasjonen var der eit munkekloster på Selja.
Den årlege Seljumannamessa er skipa til i samarbeid mellom Nordfjord prostiråd, sokneråda i Selje og Vanylven. Ein fast komite ordnar med heile opplegget. Det er sjølvsagt høve til å vere med på kulturprogrammet laurdag og gudstenesta søndag utan å ta del i pilegrimsvandringa.