Annonser

Skriv utSkriv ut

Skitur med INT til Gjura - Høgenibba


Kontakt
Sted
Indre Nordfjord Turlag

Adresse:
Telefon917 73 123
Telefon917 73 123
Webindrenordfjord.turistforeningen.no/activity.php?ac_id=46938


Beskrivelse

Lett tur i flott terreng til Gjura (1296 m). Gjura er grensefjell mellom Volda, Ørsta og Hornindal. Frå Gjura er det flott utsikt mot Austefjorden og toppane i indre Hjørundfjord. Frå Høgenibba er det flott utsikt mot Volda, ytre og indre Nordfjord og Sunnmøre.

Oppmøte på rutebilstasjonen i Stryn kl. 10, eller Hydro Hornindal kl. 10.20.

Vi startar ved Hornindal skisenter, (parkeringsavgift kr 40.-) Skisenteret har opna nytt skitrekk som er eitt av dei lengste t-kroktrekka i landet (1500m). Vil anbefale at vi tar trekket (enkeltur kr 30.-) vi sparar då ca 50 min. og trekket tek oss frå 350moh til 750moh.

Frå enden av trekket går vi over eit par vatn og følgjer traseen som vert brukt på fjellrennet Høgenibba opp/ned. Siste bakken til toppen er litt bratt (men kort), etter ein rast på toppen tar vi av fellane og går i småkupert terreng til Gjura.

Truleg same veg til bake, viss det ikkje er rasfare kan vi vurdere å renne ned Guridalen. Då kjem vi raskt ned i setredalen og følgjer preparerte løyper til skisenteret.

Høgenibba er 1191 moh, frå den er småkupert til foten av Gjura der vi tek på fellane før siste stubben til toppen.

For dei som går på fellar er det lurt å smørje ski under eller ta med smurning til det kuperte partiet som er ein fordel å gå utan feller.

Vel møtt.

Turleiarar:

Andreas Solvik, 917 73 123
Per Jakob Kyrkjeeide, 922 23 022


Kontaktinformasjon

Reisemål Stryn & Nordfjord AS
Perhusvegen 24, NO-6783 Stryn
Tel. +47 57 87 40 40  
E-mail: mail(a)nordfjord.no

Booking: +47 57 87 40 53
booking(a)nordfjord.no

 

Logo DSN

Våre partnarar