Annonser

Skriv utSkriv ut

Heilage Sunniva


GPS koordinater
Breddegrad: 62.051217368
Lengdegrad: 5.3013713620
Kontakt
Sted
Arrangement

Adresse:
Webwww.heilagesunniva.no


Beskrivelse

Bli med på reisa inn i verda til den Heilage St Sunniva, 1. og 2. juni 2013!<br><br>

I byrjinga av juni samlast unge utøvarar frå Bergen, Kinn, Selje og Gloppen om det musikalske, liturgiske og dramatiske materialet som den Heilage Sunniva ber med seg. Den kunstnarlege kjernen i reisa er eit bestillingsverk av komponisten Therese Birkelund Ulvo og nyskrivne tekstar av dramatikaren Maria Tryti Vennerød.

 

I kreativt samspel mellom gode menneske og miljø har det utvikla seg ei fargerik ferd inn ei legendariske verd, frå Kristkirketomten i Bergen til Sunniva sin heimplass – Kloster- og helgenanlegget på Selje – til Vereide kyrkje og Trivselshagen på Sandane.

 

Ministrantar frå St. Paul menighet i Bergen vil vidareformidle sine liturgiske tradisjonar til medspelarar frå Den norske kyrkje. Publikum deltek i dramaet som eit stor liturgisk kor, då eldgamle fragment frå Sunniva-kulten vil inngå som liturgiske ritornell gjennom heile dagen. Målgruppa for reisa er alle dei som søkjer ei kulturoppleving utanfor allfarveg, og vil vandre, synge, lytte, lære, og undre seg over Sunniva-legenda sin aktualitet og påverknad langt utover Vestlandsregionen.

 

Festspela i Bergen, Gloppen Musikkfest, Selje kommune og Bjørgvin bispedøme står saman bak Sunniva-prosjektet.

 

Reisa er ein del av Festspela i Bergen. Kjøp billett på http://www.billettservice.no/

 

Meir informasjon om reisa, samt fullstendig program, på www.heilagesunniva.no

Relaterte produkter
Copyright © Thomas Bickardt/BickFoto

Selje

Selje Kloster

På øya Selja, 15 min. båttur frå Selje, ligg ruinane av Selje kloster. Klostertårnet er intakt. Klosteret vart bygt av Benediktinermunkar tidleg på 1100-talet. Legenda om den heilage St.Sunniva, som leid martyrdøden her, lever vidare. Selja vart i...


Kontaktinformasjon

Reisemål Stryn & Nordfjord AS
Perhusvegen 24, NO-6783 Stryn
Tel. +47 57 87 40 40  
E-mail: mail(a)nordfjord.no

Booking: +47 57 87 40 53
booking(a)nordfjord.no

 

Logo DSN

Våre partnarar