I denne nyskrivne musikalske komedien får du eit gjenhøyr med nokre av dei mest kjende låtane frå musikalen My fair lady. I tillegg har Sogn og Fjordane Teaters Per Janke Jørgensen komponert ei rekkje nye songar.
I stykket møter du Lise Mindresen, ei bortskjemt jente frå Oslo Vest som blir tvungen til å flytte til Framdalen, ei lita bygd i Sogn og Fjordane, etter at den styrtrike far hennar har gått konkurs. Lise med sine snobbete vanar blir fort til irritasjon for lokalbefolkninga, og ein dag møter ho Henrik Heggen og Sydvest Lommeheim som inngår eit veddemål om å få skikk på henne. Ho skal lære seg framdalsdialekt og det så bra at ho på eit slektsstemne blir teken for å vere ein innfødd! Lise, som skal bu saman med far sin i ei falleferdig rønne, går motvillig med på dette mot at ho får ein annan stad å bu. Ho er ei bestemt ung dame og syns framdalsdialekta er noko herk.