Annonser

Skriv utSkriv ut

Nordfjord Song Festival


Kontakt


Beskrivelse

Songarar frå heile landet er inviterte til operabygda Nordfjord i Sogn og Fjordane. Nordfjord Song Festival er ein festival utan konkurranse med kreativt fellesskap 8. - 10. mars 2013.
Operahuset i Nordfjord er samlingspunktet på Nordfjord Song Festival.

Nordfjord Song Festival inviterer songarar frå heile landet til Nordfjord i mars, både kormedlemmar og andre interesserte.

Songarane kan melde seg på ei av 4 ulike grupper med forskjellig innhald innan song-og musikktradisjon frå renessansen, barokken, 20.århundre, folkemusikk, spirituals, koral m.m. 

Tre av dirigentane er frå Tsjekkia, Jiri Kratochvil, Jan Stanek og Marek Stryncl. I tillegg er også Michael Pavelic frå Norge med.

Notane blir trykt opp i notehefte og sendt deltakarane på førehand. Det er mogleg å få tilsendt lydfiler for dei som ikkje kan notar. Det er ein fordel at deltakarane øver på dette før festivalen startar. Under festivalen vert songane innøvd i dei ulike gruppene og til slutt presentert på ein felles konsert i Operahuset.


På laurdag vert det ein minikonsert der gruppene får framføre utvalde verk, før vi går til middag og eigen fest med dans til levande musikk. 

Du får meir informasjon om kursa, instruktørane, påmelding og kontaktinformasjon på nordfjordsongfestival.no.

Hjarteleg velkomne til Nordfjord Song Festival! 

Relaterte produkter
Copyright © Øystein Torheim

Eid

Operahuset Nordfjord

Operahuset Nordfjord stod ferdig 1. mars 2009 og vart offisiellt opna av kulturminister Trond Giske 25. april. Namnet seier opera, men dette huset er heile Nordfjord si storstove der alle typar scenekunst får boltre seg. ...


Kontaktinformasjon

Reisemål Stryn & Nordfjord AS
Perhusvegen 24, NO-6783 Stryn
Tel. +47 57 87 40 40  
E-mail: mail(a)nordfjord.no

Booking: +47 57 87 40 53
booking(a)nordfjord.no

 

Logo DSN

Våre partnarar