1. og 2. juni 2013 blir det på nytt høve til å oppleve Dragseidspelet "På Sverdeggja".
Det er no 16 år sidan spelet for første gong vart vist på Dragseidet, for Hans Majestet Kong Harald og fleire tusen frammøtte. Årets framsyning blir den 11. i rekka, og inngår også som ein del av det offisielle programmet under 250års-jubileet for Sogn og Fjordane fylkeskommune. Stykket som er skrive, og dei siste åra også regissert av den anerkjente forfattaren Rolf Losnegård, har gjennomgått ei spennande utvikling med introduksjon av nye element, karakterar og skodespelarar. Framsyninga i 2011 er sagt å vere den beste så langt, og alt ligg til rette for at årets oppsetjing vil fortsetje utviklinga.
Den historiske kjelda til spelet ligg i Snorre og i Dagfred Berstad si omsetjing av delar av Flatøyarbok frå islandsk til norsk. Her ligg også grunnlaget for historia om hovudpersonen i spelet, Ragnvald frå Ervik på Stadlandet. Ragnvald er ein høgt akta stormann. Som Kongen sin fange spelar han, og familien hans, ei framtredande rolle i handlinga.
Dramaet balanserer på sverdeggja, frå klingande sverd i heftige kampscener til vâr og kjenslefylt song.
Beskrivelse : Året er 997. Kong Olav Tryggvasson har kalla menn frå fire fylke saman til ting på Dragseidet. Der møtest dei, kongshæren og bondehæren med menn frå dei fire fylka Firda, Sygna, Sunnmøre og Raumdøla fylke. Med seg har Kongen "den nye trua"; kristendomen. Beskjeden til dei heidenske vikingane er klar: Ta i mot trua, eller kjemp ein dødens kamp mot Kongen sin sterke hær av kristne soldatar.