Annonser

Skriv utSkriv ut

Sigdestad (314 m.o.h.)


GPS koordinater
Breddegrad: 61.925461934
Lengdegrad: 7.0856666564
Fasiliteter

Aktiviteter

Fotturer


Gradering

Middels


Natur og terreng

Fjell, Fjellterreng, Fotturområde, Utsikt


Kontakt
Adresse:
6798 Hjelledalen

Telefon57 07 40 54
E-postt-info@nordfjord.no


Beskrivelse
Garden Segestad ligg fint til i munningen av Glomsdalen, på ei fjellhylle med eit bratt stup på 300 meter ned til Oppstrynsvatnet.

For å kome til Sigdestad, må du reise til Hjelle i Oppstryn. Derifrå går ein 3 km. lang gardsveg forbi Hjelle skule til garden Glomnes. Her byrjar stien opp til Sigdestad, det er vanleg å rekne med 1/2 - 1 time på turen.

Frå gardstunet (314 m.o.h.) er det godt utsyn til Hjelledalen, Erdalen, Strandsida og dei kjende fjella ikring.

Ta gjerne med turkartet for Oppstryn for å sjå merka løype.

Sigdestad har ein av dei mest særprega og storslåtte plasseringar av gardane i Stryn, ja langt utover kommunegrensene.
Høgt og fritt ligg garden på ein framskoten rygg ved inngangen til Glomsdalen, oppe i nordsida ved Oppstrynsvatnet.

Denne garden er ein gamal kulturskatt som er verdt å ta vare på. Han er eit prov på slit og strev, og at folk busette seg og levde av jorda på dei mest kronglete stader.
Relaterte produkter
Turkart Oppastryn

Stryn

Turkart: Oppstryn

Kart over totalt 18 merka ruter i Oppstryn i Stryn kommune. Kvar tur er godt skildra. Målestokk: 1:55 000. Kartet over fjellturar i Oppstryn kan kjøpast for kr 50,- hos Reisemål Stryn & Nordfjord, turistinformasjonane og hos reiselivsbedrifter i...


Kontaktinformasjon

Reisemål Stryn & Nordfjord AS
Tinggt. 3, NO-6783 Stryn
Tel. +47 57 87 40 40  
Fax +47 57 87 40 41
E-mail: mail(a)nordfjord.no

Booking: +47 57 87 40 53
booking(a)nordfjord.no

 

Logo DSN

Våre partnarar