Annonser

Skriv utSkriv ut

Anders Svor Museum


GPS koordinater
Breddegrad: 61.965102737
Lengdegrad: 6.5238189697
Fasiliteter

Museum, Gallerier og kunsthåndtverk

Omvisning etter avtale, Omvisning i åpningstiden, Utstilling


Kontakt
Adresse:
Grodås
6763 Hornindal

Telefon95 10 51 76
Telefon92 43 36 98
E-postpost@sfk.museum.no
Webwww.sfk.museum.no/asm.htm


Beskrivelse

Den kjende bilethoggaren Anders Svor (1864 - 1929) frå Hornindal fekk sitt eige museum i 1953. Der kan ein beundre dei fleste av arbeida hans, i alt 450.

Anders Svor sin kunst er kjenneteikna av det enkle, reine og rotekte. Arbeida hans har ei naturalistisk form, ofte med eit romantisk drag. I tillegg er det fine gjesteutstillingar i galleriet.

Anders Svor (fødd 14.desember 1864) var bondegut på garden Svor i Hornindal. Alt som gut viste han uvanlege evner i treskjering, noko som skulle verte starten på kunstnarlivet hans. 17 år gamal reiste han til Christiania (Oslo), der han tok til som treskjærar ved Brødrene Hals` Pianofabrikk. Seinare vart han elev ved Den Kgl. Tegneskole. 21 år gamal reiste han til København, der han vart elev ved København Kunstakademi. Sitt gjennombrot som bilethoggar fekk han under den internasjonale kunstutstillinga i Berlin i 1891, der han fekk gullmedalje. Seinare deltok han under fleire kunstutstillingar i Christiania, vidare i København, Paris og Chicago. I 1891 sigra han i konkurransen om Tordenskiold-monumentet i Noregs hovudstad. Men han fekk ikkje utføringa av denne, noko som var eit hardt slag for den unge kunstnaren. Anders Svor budde ei tid i Paris, men slo seg ned i Christiania, der han hadde atelieret og bustaden sin. Han levde einsam og døydde 1.mai 1929. Han er gravlagd på Hornindal kyrkjegard.

I 1953 vart Anders Svor Museum opna i Hornindal.

I 1992 vart museet utvida og skulptursamlinga fekk betre utstillingsrom. Museet inneheld no også eit galleri med plass til eigne sommarutstillingar o.l.

Nokre av Anders Svor sine arbeid kringom i landet:
OSLO:
"Løva" over kongeinngongen å Nationalteateret.
"Fridtjof Nansen" på Framhuset, Bygdøy.
"Etter badet" på Bislet.
"Bylgja" på Skillebekk.
"Ein symjar" på Kampen.
Vidare fleire arbeid i Nasjonalgalleriet.

Moss: "Diskoskastaren" på Melløs stadion.
Porsgrunn: "Forliste sjømenn"
Trondheim: Arbeid på Nidarosdomen
Horten: Tordenskjoldstatua i Sjømilitære Samfund
Tønsberg: Svend Foyn ved Domkyrkja
Bergen: Tordenskjoldstatua på Haakonsvern.

Tider
10.08.2014 - 20.09.2014Lørdag, Søndag12:00-15:00

Kontaktinformasjon

Reisemål Stryn & Nordfjord AS
Perhusvegen 24, NO-6783 Stryn
Tel. +47 57 87 40 40  
E-mail: mail(a)nordfjord.no

Booking: +47 57 87 40 53
booking(a)nordfjord.no

 

Logo DSN

Våre partnarar